Bibel-quiz ein sundagskveld

Share

Kan ein bruke ein sundagskveld betre enn på bibel-quiz? Sundag reiste eg tidleg frå Mandal, for Reidun skulle ta toget frå Kristiansand klokka 14.05. Ho har ei ferieveke ho vil bruke hjå barnebarn i Nittedal, og eg køyrde henne til toget og deretter var det bare å setje kursen nordover Setesdalsvegen. På Stemmen fiksar dei stasjonen, så eg fekk ikkje påfyll på YX-koppen min før på Evje. Der fekk eg og vaska bilen, som var blitt utruleg skiten sjølv om det bare var ei veke sidan eg sist vaska han. Dei har gull-vask og sølv-vask, denne gongen vart det bare sølv-vask til 199 kroner.

Eg var etter kvart blitt svolten og tenkte difor at eg skulle sjå om det var mat å få på Dølen. Sjølv om eg har budd her i over 20 år, hadde eg aldri vore inne på dette hotellet, og den buffeten dei hadde der, var ei overrasking. Eg klarar ikkje å ramse opp all den gode maten, her var alt ein kunne ønske seg og meir til. Dessertbordet og kakebordet var som i eit bryllup, og det var bare ein sundag i mars. Når det så var storskjerm med skiskyting for kvinner der, og Tora Berger gjekk som eit uver og skaut tilsvarande, vart det eit uvanleg triveleg og langt måltid.

Mett og god rulla eg nordover til bibel-quiz på Nomeland bedehus. Eg kom for seint, mat og sport tok lenger tid enn eg hadde planlagt, og sjølv om det er blitt god veg nordover, får ein halde fartsgrensa ein sundag. Møtande trafikk var stor, men likevel ikkje som dei største utfartshelgene, det var sol, men sterk motvind nordover og eg kom ein halv time for seint. Dermed fekk eg med meg bare siste delen av ein interessant tale av Torstein Lauvdal, som hadde eit lengdesnitt gjennom Bibelen som tema. Tidslinja vart hengd opp på veggen, så kunne ein følgje konkret viktige episodar i framstellinga.

Etter ein matpause med nydelege kaker som eg på ingen måte kunne gjere ære på, eg var framleis god og mett etter måltidet på Dølen, var det tid for Bibelquiz. Kva heitte sønene til Noa og kven førde Jesus ut i øydemarka etter han var døypt, det var noko av det me grubla på denne kvelden. Det enda godt for Gunnar Holen, Bente og Torleif D. Bjørgum og meg, vi vann heile konkurransen og fekk ein pose påskesjokolade pluss eit blomekort. Det siste var ikkje minst fin premie: For du, Herre, velsigner den rettferdige, du dekker ham med nåde og skjold. Salme 4,13. Premiar treng slett ikkje vere store og dyre.

Siste programpost var Rolf Erik Homme, som song tre songar. Som alltid var det vakker song og gitarspel. Så takka Liv Åkre Trydal av. Ho lurte på om dei 40 deltakarane syntest det var ein kveld ein kunne ta ein gong seinare, og då hausta ho trampeklapp.

I tillegg til ein triveleg kveld fekk eg tak i historisk informasjon nok til at eg kunne skrive om Nomeland bedehus på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Nomeland_bedehus

Så då kan eg seie god natt etter ein god dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *