Ein sovande onsdagskveld

Share

No var det vel ikkje kvelden som sov, det var nok heller bloggskribenten. Men det går kanskje for det same denne gongen, for onsdagen kunne ein tru eg hadde fått eit anfall av sovesjuke. Eg gjekk heim frå skule ved middagstid for å sove, og sov ein time i bilen utanfor huset før eg orka å gå inn. Så sov eg ein time på kjøkkenet, før eg orka å finne senga, og så sov eg frå klokka to til sju i senga.

Eg hadde lova Jorunn Lund Harstad å vere med henne i Valle Radio si Open sending klokka 21 denne kvelden. Så klokka sju stod eg opp, tok meg ein dusj og drog til radioen i god tid. Etter kvart kom Mona Egeli og Jorunn Helle og Solveig Rysstad, dei to siste skulle vere telefonvakter, og Mona, som aldri før hadde vore med på Open sending, hadde fått spørsmål av Jorunn utan å gje eit sikkert svar tilbake, det var difor eg vart spurd.

Du kan tenkje at eg var lukkeleg då eg sende henne i studio. Så lukkeleg var eg at eg sovna i godstolen i radiostova og bare gløtta på augneloka kvar gong dei aktive kom ut for å ta ei skive av den gode maten som Jorunn hadde stelt til. Plutseleg var heile sendinga over, eg sat framleis i godstolen under klokka. Dei som hadde snakka, teke telefonar og styrt teknikk kom ut og sat ei stund og prata før dei sa god natt og gjekk, men eg tenkte eg skulle skrive bloggen, så eg sat att. Problemet var at stolen var like god, så eg sovna att der eg sat, og då eg vakna, var skrivelysta forsvunnen, då var det bare å kome seg heim og innta horisontalen. Då var det blitt torsdag, så eg trur eg har grunnlag for det eg skreiv i overskrifta.

Lurer du på kva som feiler meg, så er det altså ikkje sovesjuke, men doktor Andrej Steen starta ein penicillinkur for å kverke resten av dei bakteriane som var innom lungene mine for ein månad sidan. Eg vonar han klarar det, for eg synest ikkje sovande onsdagskveldar bør ikkje kome for ofte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *