Gull og sølv i Ruhpolding

Share

Så er skiskyting-VM i gang. For oss som likar å sjå skiskyting på TV er det fascinerande å sjå folkemassane i Ruhpolding, og NRK gjer sitt beste for å vise oss både folkeliv og sportsleg aktivitet. Skiskyting er blitt eit viktig programtilbod for kanalen, og dei nyttar store ressursar for at vi skal få både underhaldning og sport.

I dag vart det då gull til Norge sjølv om laget med Tora Berger, Synnøve Solemdal, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen ikkje kom inn som første lag, det var det Slovenia som gjorde. Gleda deira var likevel stor for sølvmedalje, det var ei overrasking for alle. Andre lag som kom inn, var Norge, grunnen var ein teknisk feil som førte til at Ole Einar måtte gå ein strafferunde han ikkje skulle ha gått, og då den tida han brukte på strafferunden var trekt frå, var det Norge som brukte kortast tid på denne øvinga. Dei kallar det mikst stafett eller noko slikt, ikkje veit eg korleis det vert skrive offisielt, wikipedia har mixed stafett, og det er korkje engelsk eller norsk. http://no.wikipedia.org/wiki/VM_i_skiskyting_2012#2_x_6_km_.2B_2_x_7.2C5_km_mixed_stafett

Wikipedia har og artikkel om Ruhpolding, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ruhpolding

Det er med litt flau smak i munnen eg promoterer den artikkelen, for han er på bare tre linjer, og med tanke på alle oppslag artikkelen får dei neste dagane, i går var det 564 oppslag, burde det vore ein artikkel med høgare informasjonsverdi på det oppslaget. Om eg får utvida han i dagane som kjem, veit eg ikkje. Om nokon andre kjem på å gjere det, vil tida vise.

Valle Radio sin trufaste lyttar Siw Rysstad Omlid drog saman med mange andre skiskytingsentusiastar til Ruhpolding og var truleg å finne i folkemylderet vi kunne sjå på TV. Vi ønskjer henne ei fin veke saman med 25000 andre i heiagjengen for ein fascinerande sport.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *