Krypsiv i Otra

Share

Spørsmålet om krypsiv i Otra engasjerer mange, ikkje minst på Rysstad. Så då eg såg at det var kome ein ny rapport, tenkte eg at det var på tide å ha det temaet i Valle Radio att. Eg har jo snakka om det fleire gonger, og onsdagskvelden hadde eg med meg Edgar Vegge frå fylkesmannen i Vest-Agder i ein samtale om krypsiv i Otra i Valle og Bykle. Vi kom inn på mange sider av problemet, og konstaterte at det ikkje er funne noka løysing på det.

Torsdag skreiv eg så ein artikkel på Setesdalswiki der eg fekk bruke stoffet i den aktuelle rapporten, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Krypsiv_i_Otra Den artikkelen er stort sett teksten i kapitlet om krypsiv i Otra i rapporten. Eg snakka med ho som skreiv den og fekk lov å bruke det om fylkesmannen, som hadde bestilt rapporten, gav meg lov, og Edgar Vegge sa eg måtte bruke så mykje eg ville. Eg ville i grunnen også brukt nokre tabellar, men orka ikkje skrive inn alle talla, og eg kunne ikkje kopiere dei på nokon god måte frå reknearket, så om du vil vite meir, bør du laste ned heile rapporten.

Eg var visst meir aktuell enn eg visste sjølv, for torsdag var det eit stort oppslag om krypsiv i Fædrelandsvennen. Emnet har og vore teke opp på NRK Sørlandet, men det fekk eg ikkje høyre. Og eg fekk ein kommentar frå ein lesar som minna om at det kunne vere andre innfallsvinklar til å skrive meir om krypsiv, mellom anna «Krypsivfond og Krypsivprosjekt og Vassdragstyre for Øvre Otra og tilsvarende for nedre Otra..», som det vart sagt. Eg får sjå om eg ikkje får til noko meir om dette etter kvart.

Og så høvde det godt å få Børt Erik til å synge Flaumen går til slutt i innslaget, for innfrysingsprosjektet reiv med seg mykje krypsiv i fjor om lag på denne tida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *