Setesdalsprisen 2012

Share

I dag vil eg minne om annonsen som stod i dagens Setesdølen side 14 og som ligg på heimesida til Setesdal Regionråd:
http://www.setesdal.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1275&Category.ID=592

Det er no høve til å nominere kandidatar til årets Setesdalspris, som blir delt ut under Setesdalskonferansen på Bykle Hotell 26-27 april. Veit du om ein person eller føretak som fortener ei merksemd for innsatsen sin for næringslivet i Setesdal, så les meir her om kven som kan nominerast.

Setesdalsprisen 2012 – Ei utmerking til næringslivet i Setesdal!

Prisen kan gå til eigar/leiar eller ei privat verksemd i Setesdal som over tid – eller siste året – har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte.

Utmerkinga kan tildelast ut frå særleg innsats eller nådde resultat når det gjeld å ha;

Skapt/ sikra
-arbeidsplassar i regionen
-lønsemd og verdiskaping i regionen
-positiv merksemd, marknadsføring / sal på vegne av seg sjølv eller bransje
-vore banebrytande i høve utvikling / nyskaping
-på annan måte utmerka seg på ein særleg positiv måte til beste for næringsliv i Setesdal

Ein jury med ordførarane, lokalt tiltaksapparat, Innovasjon Norge og Aust-Agder fylkeskommune står for kåringa.

Har du aktuelle kandidatar å fremje?

Send forslag til: post@setesdal.no, innan fredag 30 mars.

Prisen vil bli delt ut under Setesdalskonferansen 26-27 april. Du kan sjå kven som vann prisen i 2010 og 2011 på Setesdaswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsprisen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *