Telefonkveld

Share

Eg trur det er første gong på alle dei åra eg har vore programleiar i Valle Radio at eg ikkje har hatt levande personar med meg i studio ein onsdagskveld. Men denne kvelden vart ein telefonkveld, ingen av dei eg hadde med meg, hadde høve å kome i studio denne kvelden.

Den første eg prata med var Jan Wojtaszek i Brokke Alpinsenter. Han stod midt i bakken og gledde seg over kvart snøfnugg som kom dalande. Mildveret i slutten av vinterferien tærte hardt på både kunstsnø og natursnø, så det var godt at det vart kaldt, frost om natta var viktig for å ta vare på snøen, sa han. Og med snø i bakken er det eit eldorado for skuleelevar i Brokke, idrettslinja på KKG har vore ei veke og no er det tid for grunnskulane i Setesdal å ha skidag i alpinbakken. Stolheisen er sterkt medverkande til at det er auka besøk i år, folk synest det er godt å sitje dei åtte minutta frå botn til toppen av bakken.

Den neste eg hadde med i den aktuelle timen var Olaf Henrik Homme. Han hadde i 2007 fått vedtak på at det skulle setjast opp gradestokk og klokke på Rysstad og i Valle. På Rysstad gjekk det lagleg å få opp klokka, men i Valle var det meir vanskeleg. Det synte seg at teknikar Kåre Rike også hadde peiling på dette emnet, for Valle Sparebank var med i finansieringa. Det var ein stor diskusjon om kor skiltet skulle stå i Valle, og skiltplanen vart aldri vedteken. Gradestokken og klokka vart liggjande på lager ei stund, men så kom eit glupt hovud på at det jo kunne kome til nytte på alpinsenteret på Furestøyl, så no har Hylestad to slike skilt og Valle er heilt utan. Sjølv om Olaf Henrik no er ute av politikken, ville han vurdere å ta saka opp med gruppa med sikte på å få opp skilt i Valle uavhengig av skiltplanen som aldri vart vedteken.

Så kom Wenche Tangene på telefonen for å fortelje om nyhendeskriv nr. 2 frå Helseprosjekt Setesdal, eit skriv som kom ut no i februar med informasjon om demensprosjektet sin pårørandeskule og om IKT-satsinga for å binde helsesektorane i Setesal saman med Sørlandet sykehus HF.

Til slutt kom Signe Sollien Haugå på tråden frå Trondheim for å fortelje om Setesdalskonferansen og Setesdalsprisen. No er det tid for å foreslå kandidatar til Setesdalsprisen 2012, ordførarane i Setesdal og fleire andre vil velje ut vinnaren, som får eit diplom og 10.000 kroner tildelt på Setesdalskonferansen. Og med det slutta den aktuelle telefontimen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *