Dagane fortel

Share

I dag starta eg eit nytt underprosjekt på Setesdalswiki. Eg har i lang tid prøvd å legge inn datoar og hendingar på dei aktuelle datoane, og lenke til det finn ein på framsida når dagen er der. Eg finn informasjon i Setesdølen sine annonsar og legg det ut på den dagen det gjeld.

Wikipedia har eit anna system, dei har ikkje hendingar knytt til aktuell dato på same måten, men artiklar om dagen 30. april. Då skjer det faste ting rundt om i verda, til dømes Koningindag i Nederland, og så er det dagen då nokon vart fødde og nokon døydde, ein eller annan gong. Så får vi ei liste over desse.

På Setesdalswiki starta eg i dag med 30. april som den første dagen i eit slikt system. Litt om namnedag og merkedagar rundt i verda, og så liste over folk med relasjon til Setesdal som har fødselsdag denne dagen. I dag var det Bernard Emmelkamp, organisten vår frå 1999 til 2005, no i Vennesla, som kom på den lista, men truleg kunne også andre stå der.

Artikkelen om han finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bernard_Emmelkamp Den er jo ikkje så lang, men det er i alle fall greitt å ha den der.

Men så kjem jo utfordringa, det må kome artiklar om dei andre dagane i året også, så det ligg 365 datoar og ventar på artiklar. Bli gjerne med på dugnaden og lag ein artikkel om ein dato du veit noko om.

Fleire quiz-spørsmål om mat

Share

I går sa eg at vi hadde tre poeng halvvegs i quiz-en, men det var nok å overdrive litt, for det var etter seks spørsmål bordet vårt kom til tre poeng. Kva for eit krydder er frå gammalt av rekna som ertesuppekrydderet, det kan ein nok vanskeleg rekne med at seks mannfolk utan særleg kokeerfaring (trur eg) skulle kunne svare på, sjølv om ein av dei meinte at det kunne vere karve, for det var vanleg å ha i suppe, trudde han. Så vi skreiv karve og ignorerte dei som meinte det kunne vere salt, salt er ikkje rekna som krydder, tenkte vi. Men så var svaret timian, det hadde visst ingen i gruppa høyrt, så smultringen var rimeleg fortent, trur eg nok helst. Men vel heimkomen kunne eg lese på krydderglasset i skuffa på kjøkken: Er uunnværlig i ertesuppen, og Reidun visste svaret utan å tenke seg om, sjølv om eg slett ikkje er sikker på at ho brukar det når ho lagar ertesuppe.

De skulle høyrt diskusjonen rundt bordet på spørsmålet om kva for ein blomstervekst som ein reknar kome frå Kypros og Syria og som er god å gratinere. Dei meir bereiste av oss meinte det måtte vere potet, for dei hadde fått nokre gode potetrettar på Kypros. Og dei fløtegratinerte potetene dei serverer på Bykle Hotell kan gjerne få ein til å tenkje slik, men dei kom frå Kyrvestad og var kortreiste og sjølve potetplanten kom vel frå Sør-Amerika, så Syria og Kypros høvde ikkje. Svaret vårt, etter innspel frå Tor Kjelleberg, vart brokkoli, den høver godt å gratinere og er jo ein slags blomstervekst. Men vi bomma der og, vi hadde feil farge på forslaget vårt, det skulle vere blomkål.

Silda som er ein nederlandsk spesialitet, det var neste spørsmål. Der var eg sikker, og dei andre hadde ikkje noko anna å føreslå, så vårt svar vart matjes-sild, og det var rett, så der fekk vi det siste poenget vi kapra oss i denne konkurransen, for på siste spørsmålet hadde vi ikkje fantasi nok til å finne svaret Bjørn Erling ville ha. Kva for ein grønnsak vert brukt i ei populær, søt amerikansk kake. Gunnar på Statoil meinte heilt klart at det måtte vere tale om gulrot, for gulrotkake i USA er så god at han til og med kan ete ho til frokost, og den testen er det ikkje mange kaker som består. Vi andre var ikkje usamde, gulrotkake er både søt og sikkert amerikansk. Men Bjørn Erling, som begynte i bakeriet på Hovden då han var 13 år og sikkert er større ekspert enn dei fleste på å lage kaker, om ikkje på å ete dei, meinte at svaret skulle vere gresskar, så vi måtte nøye oss med null der og.

Godt at det då stunda mot samling rundt middagsbordet denne torsdagskvelden og at vi etter kvart fekk anna å snakke om utover i dei små timane. Setesdalskonferansen er nettverksbygging mellom næringslivsfolk i Setesdal, og nettverk vart bygde mest til lyse fredagsmorgonen.

Temaquiz på Bykle Hotell

Share

Torsdagskvelden samlast deltakarane på Setesdalskonferansen 2012 seg til ein times underhaldning i regi av Bykle Hotell før middagen. Eit pynta glass med eller utan og nokre gode quizvener, så kunne ein gå laus på ein av dei meir spesielle quizrundane eg har vore med på. Bransjebasert, kalla Bjørn Erling det og lurte på om pastramipølse var frå Spania eller Italia. Der svarte vi Italia, og fekk eitt av dei fire poenga vi klarte å hale inn.

Kva heiter den nordafrikanske retten der den viktigaste ingrediensen er finmalt durumkveite? Det var ikkje så lett, for der kunne ein ikkje velje mellom to kjende, slik som i første spørsmålet. Då var de bare å saumfare kva ein visste om nordafrikansk mat, og det var lite, i alle fall for min del. Men ingen av dei andre deltakarane visste særleg meir enn meg, synte det seg. Ikkje eingong konferansens programleiar, Styrk Fjærtoft Trondsen, eller næringsutviklaren på Vindsås, Rune Ingebretsen, kom med betre forslag enn couscous, så det vart svaret vårt. Så synte det seg å vere rett, og jubelen stod i taket. To poeng av to moglege.

Veit du kor müsli kjem frå? Vi tippa Sverige eller Finland, kona til Bjørn Erling er finsk, men så kom vi til å tenkje på at bokstaven ü vert brukt også i tysk, så vi svarte Tyskland. Kven kunne kome på at dei også snakkar tysk i Sveits, så vi meinte vi burde fått eit halvt poeng for vårt svar, men det ville ikkje quizleiaren vere med på, så vi måtte notere ein smultring der.

Pomodori er mykje brukt i det italienske kjøkkenet, men kva er det? Der var vi heilt blanke, så vi skreiv pasta, men det var det slett ikkje, det var ein tomat-type. Og då vakna Styrk, han kjøpte alltid pomodori-tomatar på boks, det var dei beste hermetiske tomatane, kom han på. Vi andre lurte på kvifor han ikkje kom på det før han fekk vite svaret, men det gav ingen poeng å kome på det etterpå, ikkje eingong om ein hadde ei god historie rundt, så det vart ein ny smultring.

Kor stort er vanninnhaldet i agurk? Der var Knut H. Rysstad sikker på at det var 96%, men vi skreiv 97% for å ikkje blandet med alkoholinnhaldet i rein sprit. Men quizleiaren ville ha 90%, så vi fekk ikkje noko der heller, sjølv om vi seinare på kvelden kontrollerte med Wikipedia, som sa Agurk består hovedsakelig av vann (96-97%), men då var konkurransen slutt. Likevel gjorde det godt å vite at Knut og vi hadde rett, vi skulle hatt eit poeng der, og quizleiaren burde oppdatert kunnskapen sin.

Høvring er namnet på eit skalldyr, men kva namn brukar vi mest, det var femte spørsmål. Der var svaret krabbe, og det visste vi, så halvvegs i konkurransen var vi komne til tre poeng. I foredraget fredagen fortalde forresten Richard Jacobsen om ein kelner som gjekk som ein krabbe, ikkje seint, slik ein gjerne tenkjer om krabben, men sidelengs. Ein kelner som går sidelengs gjev ikkje noko godt inntrykk, så då restauranten han arbeidde på skulle kurse dei tilsette, måtte denne kelneren lære seg å gå rett fram.

Eg må lære meg å stoppe i tide, så eg stoppar her.

Setesdalsprisen til Alf Tore Moen på Evjeklinikken

Share

Setesdalskonferansen 2012 hadde ein lang dag i går, dagen vart avslutta med middag der fylkesmann Øystein Djupedal delte ut Setesdalsprisen for 2012. Det var seks nominerte kandidatar, han fortalde til og med kven dei var, det har vi ikkje fått vite før. Både Gunnar Brottveit på Coop Valle og Ørnulf Hasla og Grete Fossen var på lista. Frå Bykle var Ragnhild Bjåen på Bjåen Fjellstove og Daniel Homme frå Bykle Vindu, og frå Evje og Hornnes var Kjell Olav Kalhovd frå Dekkomsetning og altså Eva og Alf Tore Moen på Evjeklinikken. Denne gongen var det, som overskrifta seier, ein frå Evje og Hornnes kommune som fekk prisen, Alf Tore Moen på Evjeklinikken. Han fekk blomar, diplom og ein sjekk på 10.000 kroner.

Dette var høgdepunktet på ein flott kveld som starta med at varaordførar Tor Hallvard Mosdøl ønska velkommen og i eit kort innlegg mellom anna fortalde om korleis utbygginga av Brokke Nord ville prege Bykle kyrkjebygd, mellom anna ved at dammen som skal kome, vil ha veg til Stavenes på toppen, og dermed opne for eit mogleg bustadfelt på den mest solrike delen av Bykle. Han avslutta helsinga med eit politisk stev, og med det sette han tonen for ein svært triveleg kveld. Maten presenterte Hanna og Bjørn Erling, den var kortreist med poteter frå Valle og kjøt frå Fjellgarden Hovden. Og smaken var fortreffeleg på alt saman, godt krydra med helsingstalar av Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg.

Så gjekk praten til langt ut i dei små timar.

Ein region i vekst

Share

I dag starta Setesdalskonferansen på Bykle Hotell. Leiv Rygg, ordførar i Bygland og styreleiar i Setesdal Regionråd, opna konferansen. Han starta konferansen med å ønske velkommen og minna oss om at regionen er ein region i vekst, både i folketal og i næringsliv. Og det kunne ordførar Tarald Myrum bekrefte, før konferansen starta kom han bort til meg og lurte på om eg hadde oppdatert tala for innbyggartal på Wikipedia, for han hadde vore innom artikkelen der og tala var korrekte, 1293 er det rette talet no, og det er meir enn før. Eg kunne då fortelje at tala for innbyggartal var henta direkte frå Statistisk Sentralbyrå, så den oppdateringa går automatisk.

Deretter gav Leiv Rygg ordet til Styrk Fjærtoft Trondsen. Han sjekka ut at forsamlinga opplevde vekst, det synte responsen. Og så sette han opp kontrasten til den regionen han kom frå, Grenland, der REC nettopp har lagt ned fabrikken og 500 dermed vert arbeidsledige. Den regionen har heilt andre utfordringar enn Setesdal.

Ei av utfordringane han tok opp, var at Setesdalskonferansen for to veker sidan var i fare for å verte avlyst, for det var få påmeldingar. Og så snudde det, og i dag er det fleire enn nokon gong som er påmelde til konferansen. Ved oppropet var ikkje alle påmelde til stades, nokon skulle kome seinare. Men det var så mange at møtesalen på Bykle Hotell var temmeleg full då konferansen starta. Så også Setesdalskonferansen er i vekst, den kan knapt vekse seg større, for hotella i dalen har problem med plassen når det vert så mange.

Eg kjem til å blogge litt frå konferansen med fleire innlegg etter kvart som dagane går.

Krefter og krefter

Share

Eg skreiv i går at kreftene held på å kome tilbake, og det er ikkje usant, men det går heller smått. I dag tenkte eg at eg kunne gjere nytte for meg ved å ta turen i butikken, Reidun var på jobb og både kjøleskapet og brødskuffa tok til å bli sørgjeleg tomt.

Coop-butikken i Øvrebyen er den butikken eg brukar mest i Mandal, og slik vart det i dag og. Eg fekk meg ei handlevogn til å trille varene i og rulla mi faste løype rundt butikken. Litt her og litt der, og så var det eg hadde fått på lappen så vel som impulskjøpa unnagjorde. Kassalappen viste 460 kroner, så du skjøner at det ikkje var storhandel denne tysdagen. To posar med melk, brød, smør, pålegg av ymse slag og litt anna.

Men jamen var eg sliten då eg kom til bilen med varene. Eg la dei i baksetet, tok ein av banane eg hadde kjøpt, drakk litt Bris og kvilte litt før eg starta på heimturen. Vel heime pakka eg varene i kjøleskap og andre skap og sette meg ned i godstolen framom TV og sovna.

Elles dreg det seg mot Setesdalskonferansen, eg har som mål å ha artiklar om dei folka som skal ha innlegg der, så i dag skreiv eg om Ole P. Bruun på Setesdalswiki. Les gjerne artikkelen, det er ein sterk biografi om eit sterkt engasjement for den øverste hyttebyen i Setesdal. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ole_P._Bruun

Litt hektisk morgon

Share

Morgonen måndag vart litt hektisk, og det skuldast Wikipedia. Fredag vart eg intervjua av Klassekampen, og det vart litt debatt, ikkje om det eg sa, men om det ein annan wikipedianar sa til avisa. I dag var det så to artiklar i Dagbladet om wikipedia, og dei låg i innboksen min då før eg hadde fått meg frukost, så eg las til auga vart både stort og større. Her er lenke til den eine artikkelen: http://www.dagbladet.no/2012/04/23/kultur/debatt/wikipedia/store_norske/leksikon/21259716/

Forfattaren er professor ved NTNU, men Wikipedia hadde ikkje nokon artikkel om han, så eg sette meg til å lage ein artikkel: http://no.wikipedia.org/wiki/Arnulf_Hagen

Ein blir lett noko engasjert når ein held på slik, så eg gløymde heilt å sende melding til Setesdølen om at det ikkje vert tysdagssending denne veka heller. Neste veke er tysdag 1. mai, men så vonar eg at det skal vere råd å ha tysdagssendingar utover i mai. Ikkje minst trur eg Niklos vert glad om vi kan kome i gang att, han har mykje orgelmusikk han gjerne vil presentere.

Sjølv merker eg at kreftene tek til å kome tilbake, og det er godt. Eg vonar det går lenge til eg får ei slik kule att.

Levande kulturlandskap

Share

I kveld slo programmet Levende landskap ut både 1. omgang av fotballkampen og snooker-VM i Sheffield for meg. Eg visste jo at det ville kome bilete frå Valle i programmet, det høvde seg slik at eg og Reidun var på Bergtun ein gong då eit TV-team var i Valle og la planar for filminga saman med Leonhard Jansen. Dei planane snakka dei om på Bergtun, og staden er ikkje større enn at ein kan høyre kva folk snakkar om ved andre bord.

Programmet vart ei interessant reise i store deler av Norge. Mange av dei bygdene som vart besøkte, hadde eg og vore i, så det var som å bla i ei minnebok. Samstundes var det eit aktuelt og interessant tema som ein såg på frå mange synsvinklar.

Sjølv vart eg sitjande å tenkje litt og snakke med kona om programmet, for vi opplever akkurat det same her på sørspissen av Norge. Mykje av det småbruket vi bur på og nabobruka, vart ekspropriert av Mandal kommune som trong søppelplass for regionen. Svigerfar mista med det eit viktig grunnlag for å halde fram som bonde og arbeidde den siste delen av livet som tømmermann. Han prøvde likevel å halde tilgroinga borte ved at jordene vart slegne, og då ha ikkje lenger hadde dyr, var det naboar som fekk tilleggsjord dei kunne drive, i alle fall dei beste jordene. Men eitt jorde er vanskeleg å kome ut på med tung traktor, så år om anna vert det ikkje slege, og plutseleg står små lauvtre der. Og når ein ikkje held reina nede, så går det ikkje lang tid før renningar skyt opp, og snart står det kratt der også.

I programmet såg vi korleis geiter held nede busk og kratt, og det kunne vere fristande å få geiter til å beite på dei områda av garden som gror til, men ein veit jo at alt ikkje er så idyllisk som det ser ut på TV, så om ein skulle prøve noko slikt, ville jo nabohagane og vere utsette for nedbeiting, så det er ikkje så enkelt. For oss som ikkje likar å vere bundne til ei kvar tid, men kan tenkje oss å besøke barn og barnebarn, er det heller ikkje så lett å skaffe seg dyr for å beite ned det som har grodd opp dei siste 30 åra.

Interessant program. Eg gleder meg til neste sundag.

Sakte framgong

Share

Våren kjem sakte her i sør, i dag var veret så pass høveleg at Reidun unna seg ei stund ute for å rydde i rusk og rask som ein naturleg nok prøver å fjerne før voksteren kjem for langt. Ho la merke til at kvitveisen mest er som bortkomen i år, truleg kom frosten etter den milde perioden i mars og tok knekken på han, så det kvite teppet som til vanleg dekker marka rundt huset her i Tregdeveien, ser ut til å vere nokså tynt i år.

Men fuglesangen er i gang om morgonen, og då barnebarna var hos oss i påska, kunne dei konstatere at ugla i låven hadde ungar, så livet er som det skal vere i så måte.

Sjølv merker eg vel og at kreftene sakte vert noko betre etter ein lungebetennelse som no har vart sidan begynnelsen på februar, med ei vekes pause, og måndag får eg prøve å kome meg til legen og få teke prøver og slikt som dei kan ta for å finne ut korleis stoda er.

Av og til treffer eg folk som kan fortelje at andre dei kjenner og har hatt langvarig lungebetennelse i vinter. Ein får vere glad for apocillin og for legehjelp, det er ein sjukdom eg har fått stor respekt for, og mange har opp gjennom åra stroke med av han. Vonleg vil sakte framgong etter kvart få meg i sig att, både når det gjeld jobb, radio og setesdalswiki.

God helg til dykk som les bloggen.

Kjentfolk i TV-ruta

Share

God påske til alle som les bloggen.

1. påskedag var eg ein av dei mange som fylgde gudstenesta på TV. Holmen kirke ligg ved IKEA på Slependen, ho har plass til om lag 500 og verka stappfull, eg kunne ikkje sjå ein ledig stol. Presten var Trond Arne Hauge, han kjende eg som prest i Vesterålen då vi budde der, men det er over tjue år sidan no. Musikken var flott, kyrkja fekk nytt orgel i fjor, og organisten kunne sine saker. I tillegg hadde ho fått med seg ein musikar på pauker, og då eg såg nærare etter, var det og ein kjenning. Tom Andreas Kristensen er gift med dotter til syster mi, og sanneleg, då kamera sveipa over kyrkjelyden, såg eg Torunn Irene også.

Når ein sit slik og fylgjer eit TV-program, kan ein med dagens mange elektroniske duppedittar slå opp og lese ekstra informasjon. I Store Norske Leksikon stod det at kyrkja vart vigsla av biskop Johanne Smedmo i 1965. Vi som er så gamle at vi hugsar striden om den første kvinnelege presten i Norge, Ingrid Bjerkås, som vart ordinert i 1961, ser at noko skurrar her, det var ingen biskop Johanne i 1965. Derimot var det ein biskop Johannes Smemo, han var i Oslo 1951–1968 etter først å ha vore biskop i Agder 1946–1951. Det er godt mogleg at han var i Valle prestegjeld ein gong i løpet av dei fem åra han var i Kristiansand. Du kan lese meir om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Smemo

I dette tilfellet gjorde den manglande -s-en til slutt i namnet stort utslag. Difor sende eg ei melding til han som hadde skrive artikkelen om Holmen kyrkje i Store Norske om at han burde rette det. Det fiksa han ganske så fort, så no er det rett både på wikipedia og snl.