Ein region i vekst

Share

I dag starta Setesdalskonferansen på Bykle Hotell. Leiv Rygg, ordførar i Bygland og styreleiar i Setesdal Regionråd, opna konferansen. Han starta konferansen med å ønske velkommen og minna oss om at regionen er ein region i vekst, både i folketal og i næringsliv. Og det kunne ordførar Tarald Myrum bekrefte, før konferansen starta kom han bort til meg og lurte på om eg hadde oppdatert tala for innbyggartal på Wikipedia, for han hadde vore innom artikkelen der og tala var korrekte, 1293 er det rette talet no, og det er meir enn før. Eg kunne då fortelje at tala for innbyggartal var henta direkte frå Statistisk Sentralbyrå, så den oppdateringa går automatisk.

Deretter gav Leiv Rygg ordet til Styrk Fjærtoft Trondsen. Han sjekka ut at forsamlinga opplevde vekst, det synte responsen. Og så sette han opp kontrasten til den regionen han kom frå, Grenland, der REC nettopp har lagt ned fabrikken og 500 dermed vert arbeidsledige. Den regionen har heilt andre utfordringar enn Setesdal.

Ei av utfordringane han tok opp, var at Setesdalskonferansen for to veker sidan var i fare for å verte avlyst, for det var få påmeldingar. Og så snudde det, og i dag er det fleire enn nokon gong som er påmelde til konferansen. Ved oppropet var ikkje alle påmelde til stades, nokon skulle kome seinare. Men det var så mange at møtesalen på Bykle Hotell var temmeleg full då konferansen starta. Så også Setesdalskonferansen er i vekst, den kan knapt vekse seg større, for hotella i dalen har problem med plassen når det vert så mange.

Eg kjem til å blogge litt frå konferansen med fleire innlegg etter kvart som dagane går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *