Fjorten dagar utan blogging

Share

I fjorten dagar har eg ikkje orka blogga, det vesle eg har brukt datamaskinen, har vore til nokre få redigeringar på Setesdalswiki. Men no kjenner eg at kreftene kjem att, eg fekk lungebetennelse og vart sjukemeld frå 15. mars til 15. april, så eg vonar at resten av påsken og veka etter kan hjelpe meg til å kome meg heilt på beina at.

Når eg ikkje har blogga, skuldast det kanskje og at eg ikkje har hatt noko særleg å fortelje, ein har gjerne ikkje det når ein er heime og går mellom seng og TV og gjerne søv tre-fire gonger til dagen. Penicillin-kurar har ein tendens til å ta kraft og makt frå ein sjukling, det er nokre basillar som skal nedkjempast og ein kropp som skal kome til hektene att.

Siste dagen av mars kom eg til 2500 artiklar på Setesdalswiki, det var artikkelen om Earth Hour-konsert 2012 som kom til å stå som nr. 2500. Den konserten var i Evje kyrkje laurdagskvelden med veldig mange som drog lasset saman utan elektrisk lys og utan høgtalarhjelp til musikarane. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Earth_Hour-konsert_2012

Det er godt å vere i gang att, takk til alle som har sendt meg sms og epostar med gode ord og oppmuntringar. Må de alle få ei fin påskehøgtid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *