Fleire quiz-spørsmål om mat

Share

I går sa eg at vi hadde tre poeng halvvegs i quiz-en, men det var nok å overdrive litt, for det var etter seks spørsmål bordet vårt kom til tre poeng. Kva for eit krydder er frå gammalt av rekna som ertesuppekrydderet, det kan ein nok vanskeleg rekne med at seks mannfolk utan særleg kokeerfaring (trur eg) skulle kunne svare på, sjølv om ein av dei meinte at det kunne vere karve, for det var vanleg å ha i suppe, trudde han. Så vi skreiv karve og ignorerte dei som meinte det kunne vere salt, salt er ikkje rekna som krydder, tenkte vi. Men så var svaret timian, det hadde visst ingen i gruppa høyrt, så smultringen var rimeleg fortent, trur eg nok helst. Men vel heimkomen kunne eg lese på krydderglasset i skuffa på kjøkken: Er uunnværlig i ertesuppen, og Reidun visste svaret utan å tenke seg om, sjølv om eg slett ikkje er sikker på at ho brukar det når ho lagar ertesuppe.

De skulle høyrt diskusjonen rundt bordet på spørsmålet om kva for ein blomstervekst som ein reknar kome frå Kypros og Syria og som er god å gratinere. Dei meir bereiste av oss meinte det måtte vere potet, for dei hadde fått nokre gode potetrettar på Kypros. Og dei fløtegratinerte potetene dei serverer på Bykle Hotell kan gjerne få ein til å tenkje slik, men dei kom frå Kyrvestad og var kortreiste og sjølve potetplanten kom vel frå Sør-Amerika, så Syria og Kypros høvde ikkje. Svaret vårt, etter innspel frå Tor Kjelleberg, vart brokkoli, den høver godt å gratinere og er jo ein slags blomstervekst. Men vi bomma der og, vi hadde feil farge på forslaget vårt, det skulle vere blomkål.

Silda som er ein nederlandsk spesialitet, det var neste spørsmål. Der var eg sikker, og dei andre hadde ikkje noko anna å føreslå, så vårt svar vart matjes-sild, og det var rett, så der fekk vi det siste poenget vi kapra oss i denne konkurransen, for på siste spørsmålet hadde vi ikkje fantasi nok til å finne svaret Bjørn Erling ville ha. Kva for ein grønnsak vert brukt i ei populær, søt amerikansk kake. Gunnar på Statoil meinte heilt klart at det måtte vere tale om gulrot, for gulrotkake i USA er så god at han til og med kan ete ho til frokost, og den testen er det ikkje mange kaker som består. Vi andre var ikkje usamde, gulrotkake er både søt og sikkert amerikansk. Men Bjørn Erling, som begynte i bakeriet på Hovden då han var 13 år og sikkert er større ekspert enn dei fleste på å lage kaker, om ikkje på å ete dei, meinte at svaret skulle vere gresskar, så vi måtte nøye oss med null der og.

Godt at det då stunda mot samling rundt middagsbordet denne torsdagskvelden og at vi etter kvart fekk anna å snakke om utover i dei små timane. Setesdalskonferansen er nettverksbygging mellom næringslivsfolk i Setesdal, og nettverk vart bygde mest til lyse fredagsmorgonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *