Kjentfolk i TV-ruta

Share

God påske til alle som les bloggen.

1. påskedag var eg ein av dei mange som fylgde gudstenesta på TV. Holmen kirke ligg ved IKEA på Slependen, ho har plass til om lag 500 og verka stappfull, eg kunne ikkje sjå ein ledig stol. Presten var Trond Arne Hauge, han kjende eg som prest i Vesterålen då vi budde der, men det er over tjue år sidan no. Musikken var flott, kyrkja fekk nytt orgel i fjor, og organisten kunne sine saker. I tillegg hadde ho fått med seg ein musikar på pauker, og då eg såg nærare etter, var det og ein kjenning. Tom Andreas Kristensen er gift med dotter til syster mi, og sanneleg, då kamera sveipa over kyrkjelyden, såg eg Torunn Irene også.

Når ein sit slik og fylgjer eit TV-program, kan ein med dagens mange elektroniske duppedittar slå opp og lese ekstra informasjon. I Store Norske Leksikon stod det at kyrkja vart vigsla av biskop Johanne Smedmo i 1965. Vi som er så gamle at vi hugsar striden om den første kvinnelege presten i Norge, Ingrid Bjerkås, som vart ordinert i 1961, ser at noko skurrar her, det var ingen biskop Johanne i 1965. Derimot var det ein biskop Johannes Smemo, han var i Oslo 1951–1968 etter først å ha vore biskop i Agder 1946–1951. Det er godt mogleg at han var i Valle prestegjeld ein gong i løpet av dei fem åra han var i Kristiansand. Du kan lese meir om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Smemo

I dette tilfellet gjorde den manglande -s-en til slutt i namnet stort utslag. Difor sende eg ei melding til han som hadde skrive artikkelen om Holmen kyrkje i Store Norske om at han burde rette det. Det fiksa han ganske så fort, så no er det rett både på wikipedia og snl.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *