Levande kulturlandskap

Share

I kveld slo programmet Levende landskap ut både 1. omgang av fotballkampen og snooker-VM i Sheffield for meg. Eg visste jo at det ville kome bilete frå Valle i programmet, det høvde seg slik at eg og Reidun var på Bergtun ein gong då eit TV-team var i Valle og la planar for filminga saman med Leonhard Jansen. Dei planane snakka dei om på Bergtun, og staden er ikkje større enn at ein kan høyre kva folk snakkar om ved andre bord.

Programmet vart ei interessant reise i store deler av Norge. Mange av dei bygdene som vart besøkte, hadde eg og vore i, så det var som å bla i ei minnebok. Samstundes var det eit aktuelt og interessant tema som ein såg på frå mange synsvinklar.

Sjølv vart eg sitjande å tenkje litt og snakke med kona om programmet, for vi opplever akkurat det same her på sørspissen av Norge. Mykje av det småbruket vi bur på og nabobruka, vart ekspropriert av Mandal kommune som trong søppelplass for regionen. Svigerfar mista med det eit viktig grunnlag for å halde fram som bonde og arbeidde den siste delen av livet som tømmermann. Han prøvde likevel å halde tilgroinga borte ved at jordene vart slegne, og då ha ikkje lenger hadde dyr, var det naboar som fekk tilleggsjord dei kunne drive, i alle fall dei beste jordene. Men eitt jorde er vanskeleg å kome ut på med tung traktor, så år om anna vert det ikkje slege, og plutseleg står små lauvtre der. Og når ein ikkje held reina nede, så går det ikkje lang tid før renningar skyt opp, og snart står det kratt der også.

I programmet såg vi korleis geiter held nede busk og kratt, og det kunne vere fristande å få geiter til å beite på dei områda av garden som gror til, men ein veit jo at alt ikkje er så idyllisk som det ser ut på TV, så om ein skulle prøve noko slikt, ville jo nabohagane og vere utsette for nedbeiting, så det er ikkje så enkelt. For oss som ikkje likar å vere bundne til ei kvar tid, men kan tenkje oss å besøke barn og barnebarn, er det heller ikkje så lett å skaffe seg dyr for å beite ned det som har grodd opp dei siste 30 åra.

Interessant program. Eg gleder meg til neste sundag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *