Sakte framgong

Share

Våren kjem sakte her i sør, i dag var veret så pass høveleg at Reidun unna seg ei stund ute for å rydde i rusk og rask som ein naturleg nok prøver å fjerne før voksteren kjem for langt. Ho la merke til at kvitveisen mest er som bortkomen i år, truleg kom frosten etter den milde perioden i mars og tok knekken på han, så det kvite teppet som til vanleg dekker marka rundt huset her i Tregdeveien, ser ut til å vere nokså tynt i år.

Men fuglesangen er i gang om morgonen, og då barnebarna var hos oss i påska, kunne dei konstatere at ugla i låven hadde ungar, så livet er som det skal vere i så måte.

Sjølv merker eg vel og at kreftene sakte vert noko betre etter ein lungebetennelse som no har vart sidan begynnelsen på februar, med ei vekes pause, og måndag får eg prøve å kome meg til legen og få teke prøver og slikt som dei kan ta for å finne ut korleis stoda er.

Av og til treffer eg folk som kan fortelje at andre dei kjenner og har hatt langvarig lungebetennelse i vinter. Ein får vere glad for apocillin og for legehjelp, det er ein sjukdom eg har fått stor respekt for, og mange har opp gjennom åra stroke med av han. Vonleg vil sakte framgong etter kvart få meg i sig att, både når det gjeld jobb, radio og setesdalswiki.

God helg til dykk som les bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *