Setesdalsprisen til Alf Tore Moen på Evjeklinikken

Share

Setesdalskonferansen 2012 hadde ein lang dag i går, dagen vart avslutta med middag der fylkesmann Øystein Djupedal delte ut Setesdalsprisen for 2012. Det var seks nominerte kandidatar, han fortalde til og med kven dei var, det har vi ikkje fått vite før. Både Gunnar Brottveit på Coop Valle og Ørnulf Hasla og Grete Fossen var på lista. Frå Bykle var Ragnhild Bjåen på Bjåen Fjellstove og Daniel Homme frå Bykle Vindu, og frå Evje og Hornnes var Kjell Olav Kalhovd frå Dekkomsetning og altså Eva og Alf Tore Moen på Evjeklinikken. Denne gongen var det, som overskrifta seier, ein frå Evje og Hornnes kommune som fekk prisen, Alf Tore Moen på Evjeklinikken. Han fekk blomar, diplom og ein sjekk på 10.000 kroner.

Dette var høgdepunktet på ein flott kveld som starta med at varaordførar Tor Hallvard Mosdøl ønska velkommen og i eit kort innlegg mellom anna fortalde om korleis utbygginga av Brokke Nord ville prege Bykle kyrkjebygd, mellom anna ved at dammen som skal kome, vil ha veg til Stavenes på toppen, og dermed opne for eit mogleg bustadfelt på den mest solrike delen av Bykle. Han avslutta helsinga med eit politisk stev, og med det sette han tonen for ein svært triveleg kveld. Maten presenterte Hanna og Bjørn Erling, den var kortreist med poteter frå Valle og kjøt frå Fjellgarden Hovden. Og smaken var fortreffeleg på alt saman, godt krydra med helsingstalar av Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg.

Så gjekk praten til langt ut i dei små timar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *