Temaquiz på Bykle Hotell

Share

Torsdagskvelden samlast deltakarane på Setesdalskonferansen 2012 seg til ein times underhaldning i regi av Bykle Hotell før middagen. Eit pynta glass med eller utan og nokre gode quizvener, så kunne ein gå laus på ein av dei meir spesielle quizrundane eg har vore med på. Bransjebasert, kalla Bjørn Erling det og lurte på om pastramipølse var frå Spania eller Italia. Der svarte vi Italia, og fekk eitt av dei fire poenga vi klarte å hale inn.

Kva heiter den nordafrikanske retten der den viktigaste ingrediensen er finmalt durumkveite? Det var ikkje så lett, for der kunne ein ikkje velje mellom to kjende, slik som i første spørsmålet. Då var de bare å saumfare kva ein visste om nordafrikansk mat, og det var lite, i alle fall for min del. Men ingen av dei andre deltakarane visste særleg meir enn meg, synte det seg. Ikkje eingong konferansens programleiar, Styrk Fjærtoft Trondsen, eller næringsutviklaren på Vindsås, Rune Ingebretsen, kom med betre forslag enn couscous, så det vart svaret vårt. Så synte det seg å vere rett, og jubelen stod i taket. To poeng av to moglege.

Veit du kor müsli kjem frå? Vi tippa Sverige eller Finland, kona til Bjørn Erling er finsk, men så kom vi til å tenkje på at bokstaven ü vert brukt også i tysk, så vi svarte Tyskland. Kven kunne kome på at dei også snakkar tysk i Sveits, så vi meinte vi burde fått eit halvt poeng for vårt svar, men det ville ikkje quizleiaren vere med på, så vi måtte notere ein smultring der.

Pomodori er mykje brukt i det italienske kjøkkenet, men kva er det? Der var vi heilt blanke, så vi skreiv pasta, men det var det slett ikkje, det var ein tomat-type. Og då vakna Styrk, han kjøpte alltid pomodori-tomatar på boks, det var dei beste hermetiske tomatane, kom han på. Vi andre lurte på kvifor han ikkje kom på det før han fekk vite svaret, men det gav ingen poeng å kome på det etterpå, ikkje eingong om ein hadde ei god historie rundt, så det vart ein ny smultring.

Kor stort er vanninnhaldet i agurk? Der var Knut H. Rysstad sikker på at det var 96%, men vi skreiv 97% for å ikkje blandet med alkoholinnhaldet i rein sprit. Men quizleiaren ville ha 90%, så vi fekk ikkje noko der heller, sjølv om vi seinare på kvelden kontrollerte med Wikipedia, som sa Agurk består hovedsakelig av vann (96-97%), men då var konkurransen slutt. Likevel gjorde det godt å vite at Knut og vi hadde rett, vi skulle hatt eit poeng der, og quizleiaren burde oppdatert kunnskapen sin.

Høvring er namnet på eit skalldyr, men kva namn brukar vi mest, det var femte spørsmål. Der var svaret krabbe, og det visste vi, så halvvegs i konkurransen var vi komne til tre poeng. I foredraget fredagen fortalde forresten Richard Jacobsen om ein kelner som gjekk som ein krabbe, ikkje seint, slik ein gjerne tenkjer om krabben, men sidelengs. Ein kelner som går sidelengs gjev ikkje noko godt inntrykk, så då restauranten han arbeidde på skulle kurse dei tilsette, måtte denne kelneren lære seg å gå rett fram.

Eg må lære meg å stoppe i tide, så eg stoppar her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *