Dersom, viss, så framt

Share

Dersom eg hadde hatt ansvaret for sendinga i Valle Radio i morgon, som er ei sending til heile Setesdal, hadde eg teke ein prat med Leonhard Jansen. Setesdalsmuseet opnar både scooterutstilling og maleriutstilling neste laurdag. Vi har tidlegare snakka om scooterutstillinga i Valle Radio, det tok ein time og vi fekk ikkje tid til å snakke om maleriutstillinga. Det er bilete museet har fått låne av Sigurd Helle i Oslo, Sigurd Sørpolen kallar dei han. Han har i årevis samla på maleri frå Setesdal, og det er nok mykje fint der, så populært som det har vore for kunstnarar å vere i dalen i kortare eller lenger tid.

Truleg ville det innslaget ha teke timen mellom 20 og 21.

Men kva skulle ein fylle resten av tida med? Halvtimen mellom 19.30 og 20 er det tradisjon for at Regionrådet har når det er sending til heile dalen. Då kunne eg snakka med Leiv Rygg, som er styreleiar i Regionrådet. Han pleier å ha mykje å snakke om, så den halvtimen hadde nok gått fort. I tillegg kunne eg ha ringt til Signe Sollien Haugå, ho er på etterutdanning i samfunnsplanlegging – SAMPLAN. Det er eit kurs eg og har vore med på, så vi kunne snakka litt om det, det er eit mangfaldig emne. Og Signe har vore i Tromsø denne veka, der er det midnattsol no, så sovinga har det kanskje vore så som så med.

Men så var det å fylle den aktuelle timen. Eg trur eg ville snakka med Ole Aa. Brattfjord om plata Dalen vår. Det skal vere lanseringskonsert neste helg, så det var rimeleg aktuelt. Så kunne eg fått meg ein prat med Nils Vogt Gundersen, mannen som flyfotograferer i Øvre Setesdal no. Ein telefon til arrangøren av dragrace neste helg i Åraksøyne kunne og vore interessant. Jan Oddvar Rysstad er med i den nyskipa veteranbussklubben på Evje, så han hadde sikkert hatt litt av kvart å fortelje, og Ragnhild Egeland har vore seks månader i Kenya, så ho hadde sikkert og hatt nokre glimt ho kunne dele med oss.

Då var nok timen gått, og vel så det.

Men i morgon er det ikkje eg som skal ha sendinga, eg reiser heim til Mandal. Bjørgulv var sett opp som ansvarleg, men han måtte kaste inn handkleet, han har vore i Oslo denne veka, og ingen andre programleiarar hadde høve til å stille opp mellom seks og ni. Heldigvis har Jorunn og Kåre prioritert Opi sending, så klokka ni vert det rebusar og telefonar ut over kvelden. Liv Gunn skal vere teknikar og Tobbe er sett opp som telefonvakt, ho har sikkert fått med seg einkvan, for når det er sending til heile dalen, trengst det fleire til å ta telefonane, dei kimer i eitt av svarelystne folk som høyrer på radioen ein fredagskveld.

Mai i kommunestyret

Share

I kveld var fylkesmann Øystein Djupedal og fleire av medarbeidarane hans i kommunestyret for å snakke om samarbeid mellom embetet og kommunen. Eg høyrde ikkje heile den delen av møtet, men av det som eg høyrde, gjekk det på at kommunestyret må lage planar som dei kan styre etter, ikkje gje dispensasjonar frå sak til sak, for då får ein ikkje ei overordna styring frå kommunestyret si side.

Den delen av møtet som eg høyrde, dreidde seg om jordvern, og fylkesmannen måtte medgje at i Valle må ein ta av dyrka jord for å utvikle sentrum. Om ein har ein plan for slikt, er mykje løyst. Men det er viktig å unngå å bygge ned jord der ein kan produsere mat.

Då orienteringa var slutt, var det høve til å stille spørsmål, og Steinar Kyrvestad og Sissel Åkre var frampå med kommentarar og spørsmål. Fylkesmannen svarte sjølv, og deretter var det tid for suppe før møtet vart sett att og ein kunne ta fatt på saklista.

Den var og lang, men gjekk fort. Men spørsmål til ordføraren tok tid. Steinar Kyrvestad hadde sendt inn to grunngjevne spørsmål på førehand, og så var det den vanlege spørjetimen, der Kim Pedersen, Margit Dale og Bjørgulv N. Berg hadde ordet, i tillegg til Steinar Kyrvestad. Så klokka var vel over 21 då møtet var slutt denne kvelden.

Det var noko anna enn aprilmøtet, som visstnok varte bare 15 minutt, etter det eg las i Setesdølen. Eit av spørsmåla handla om å flytte møta til dagtid, noko som ville gjere belastninga mindre på folk. Det skulle ordføraren kome tilbake til når møteplan for 2013 skulle setjast opp. I Evje og Hornnes kommune er møta på dagtid.

Og så kom det fram at varaordførar Frode Verpe er tilsett som helsesjef for Bykle og Valle. Spørsmålet er då om han må tre ut av kommunestyret, ettersom etatsjefar ikkje kan ha slike verv. Det måtte ein kome tilbake til før han skal begynne i den nye jobben.

Kveldens program har ei side på Setesdalswiki, sjå
http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Valle_Radio_30._mai_2012&redirect=no

Siste tysdagskvelden våren 2012

Share

Etter planen er det siste tysdagskvelden 29. mai, Valle Radio har bestemt å ha ferie i juni, juli og august, men unntak av kommunestyremøteoverføring. Sjølv kunne eg tenkt meg å halde på til skulen sluttar, men det er no godt med ferie og.

Kveldens program vart slik:
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Laust og fast frå Setesdal
19.00 Country Gospel Timen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

I Kvarteret fekk eg bsøk av Sissel Åkre, som hadde informasjon om ein aksjon som skal vere 11. juni i Valle sentrum for å plukke søppel.

I Laust og fast frå Setesdal hadde eg besøk av Karl Thorstveit, som fortalde om ein teltmøteaksjon som skal gå frå 31. mai til 10. juni. Evangelist Håkon Martinsen skal tale og synge.

Denne kvelden hadde og Country Gospel Timen med Per Goversten. Du kan finne spelelista på programsida på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_29._mai_2012

Siste gjest i kveld var Niklos K. Besteland, som hadde eit program om Bjarne Sløgedal i høve at han fyller 85 år 13. juni.

Kyrkjebakken var mager denne kvelden, ettersom Setesdølen ikkje kom ut 3. pinsedag. Men møteserien og konfirmasjonen til sundag i Hylestad vart nemnt.

Og i morgon er det kommunestyremøte.

Meir om utslått

Share

I pinseaftans varme var Ullevål Stadion fullsett, men publikum både der og framom TV måtte sjå Norge tape for England. Heldigvis var det bare vennskapskamp, så dei vart vel ikkje så veldig utslått.

Då var det verre med Tojii, mannen som song for Norge i programmet alle elskar å hate. Sisteplass på 25-årsdagen kunne gjere nokon kvar meir enn utslått.

På Wikipedia har det siste veke vore ein konkurranse om å skrive om artistar og songar i Eurovision Song Contest. Dette med Ukens konkurranse på Wikipedia var det i grunnen eg som drog i gang etter modell frå Sverige for eit par år sidan, men i den seinare tida har eg ikkje vore så aktiv der.

Denne gongen tenkte eg at eg kunne gjo gjere ein innsats, så eg skreiv om den danske deltakaren Solana, laga artikkel om henne, songen og debutplata. Til saman tre artiklar som gav meg 70 poeng. Andre deltakarar har passert 300, det synest eg er hyggeleg, er er ikkje med i konkurransen for å vinne.

Men også det danske bidraget kom langt nede på lista, lenge stod Danmark og Norge med 0 poeng, men dei enda litt høgare enn Norge. Solana var så skuffa at ho mest ikkje ville snakke med pressa etterpa, las eg i Kristeligt Dagblad i dag. Men etter eit kvarter dukka ho likevel opp, utslått, men fatta. Når vona er å kome mellom dei fem første er det vanskeleg å svelge at ein er mellom dei fem siste.

No vert det svenskane som må arrangere Eurovision Song Contest neste år. Dei kan vel neppe gjere som arrangøren i Aserbadjan, å få pengar direkte frå statskassa. Det vert vel redusert programtilbod andre stader og auka lisensavgift i Sveriges Television neste år, tenkjer eg.

Heldigvis ikkje fullt så varmt i dag, så eg klarte meg med ein middagslur, og lurte hovudverken med det. God pinse-

Utslått, men likevel

Share

Som eg skreiv i går, varmebølga har slått meg noko ut. Men etter at eg hadde fått sove litt i går, kom eg meg litt, og då tenkte eg at eg ville ta meg ein køyretur. Den enda på Statoil Rysstad der Kjell Nomeland lengta mot stengetid. På disken der var det reklame for pizza-stykke, og eg sa at eg kunne tenke meg ein slik. Det tek 15 minutt, sa Kjell, men eg tenkte at eg ville rekke å få det i meg før han stengde, så eg sa at det var greitt, og så sette eg meg ned for å vente.

Far hans, Knut, kom og innom, og då fekk me ein triveleg prat om laust og fast, og plutseleg var Kjell der med pizzaen. Fire store stykke, heilt umogleg å ete alt det i eitt måltid. -Det stod jo dobbelt sett, smilte han, det er rekna til to. Eg måtte få pakka inn to stykke, det ordna han fint, og så kunne eg ha pizza til frukost og lunsj i dag. Godt var det, kan anbefale dei stykkene om ein er svolten. Til og med kalde.

Kjell skriv ein blogg, og no har det vore ei stund sidan han blogga, så eg etterlyste skrivinga hans. Og sanneleg, i dag kom det melding på Facebook: Eit nytt innlegg på ein støvlagd blogg. http://kjellnomeland.blogg.no/1337894819_vr_og_sommer_ei_stres.html

Vi er fleire som likar det Kjell skriv og eg vonar han pusser støvet av bloggen og held fram med skrivinga.

Etter pizzamåltidet på Statoil Rysstad fekk eg ny energi og skreiv fleire artiklar på Setesdalswiki, så i går kveld runda vi 2750. Og meir vert det nok om eg ikkje skulle verte heilt utslått.

Varmebølge

Share

I dag vart eg heilt slått ut. Varmen kom brått denne veka og med store vindu mot sør i klasseromet vert det rimeleg heitt utover dagen. Eg hadde planar om å skrive Setesdalswiki i dag, som eg hadde det i går, men det går noko tregt. Heldigvis fekk eg informasjon frå Rolf Erik Homme i går, så då hadde endå ein av medarbeidarane i Valle Radio fått artikkel. Sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Rolf_Erik_Homme I ei av dei gamle avisene eg har skrive inn denne veka var det også omtale av ei av musikkgruppene han har vore med i, så då kunne eg få med ein artikkel om Country Caravan og.

Men så slo varmen meg ut og eg måtte heim og sove. Det hjelpte noko, ein liten kjøretur med god vind hjelpte og, så eg tok turen tilbake til klasseromet og skreiv litt meir. Eg hadde som mål denne veka å skrive inn nokre av dei avisene eg fekk frå kommunen i vinter, og det klarte eg. Men det er mange att. Dei får kome med tida. Det beste skriveveret er når det er under 20 grader, med 25 grader slår varmen meg heilt ut.

Men det vart til og med ein blogg i kveld, mai har vore noko skiftande i så måte. Men det lagar seg vel etter kvart, det og.

Program for veke 21 i 2012

Share

Denne veka er går siste ordinære onsdagsprogram i vår i Valle Radio. Ronny har ansvar for det, eg skal prøve å hugse å legge det inn her på bloggen når eg får det i avisa tysdag. Eg vil og prøve å oppdatere tysdagsprogrammet når eg får på plass fleire innslag.

Sjølv har eg ansvar for tysdagen som vanleg, og har fått dette programmet på plass så langt:

Program
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Laust og fast frå Setesdal
18.30 Trym Bjønnes si nye plate. Trym kjem i studio. Han har med seg gitaren og vil spele live, og så presenterer vi nokre av songane på den nye plata.
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Med Niklos K. Besteland

Onsdag 23 mai.

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter: Solveig Rysstad og Jorunn Lund Harstad

18:00 Atuell time med Ronny
19:00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer med Wenche Erland Gundersen
20:00 Ronnys time
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme og Henri Viki

Eksterne lenker
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_22._mai_2012
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Mislukka og vellukka

Share

Denne veka var mangfoldig i radiosamanheng. Eg fekk ansvaret for to kveldar, tysdagskvelden skulle eg som vanleg ha eiga sending, og så spurde Ørnulf om eg kunne ha onsdagskvelden for han. Ettersom det var 17. mai torsdag og fri fredag, hadde eg planlagt å dra tidleg nedover til Mandal, men eg sa ja til å ha sendinga og heller køyre nedover etter klokka 21, då eg var ferdig med min del av kvelden.

Eg brukte litt tid på å planlegge tysdagskvelden i helga. Mellom anna gjordet eg avtale med Reidar Tveito om at han og Niklos K. Besteland kunne vere i studio og snakke om boka han har laga om Setesdalsbanen i høve at det er 50 år sidan banen vart lagd ned no i sommar. I tillegg hadde eg avtalt reprise på ein samtale eg hadde med Ole Aa. Brattfjord om den nye plata hans, Dalen vår. Vi snakka saman for ei veke sidan, men då vart det bare nettradio, for FM fall ut den kvelden.

Halv fire tysdag fall Internett ut, og eg tok, klok av skade, ein telefon til Jørund Georg for å høyre om dette ville få innverknad på sendinga tysdagskvelden. Han levde i si eiga verd og hadde ikkje tenkt på at det var sending denne kvelden, dei heldt på med å leite etter ein feil som påverka legekontoret, så etter å ha tenkt seg om, sa han at eg nok måtte avlyse, han kunne ikkje love at nettet som vi brukar for å sende signal til Bykle kom til å vere oppe klokka 18. Så var det bare å ringe og kansellere avtalane eg hadde gjort.

Det vart ein tidleg kveld, mine kveldar i Valle er stort sett baserte på Internett eller radio, men denne kvelden vart eg sitjande å lese. Dagen etter kunne Jørund Georg fortelje at han hadde funne feilen 23.30. Då sov eg.

Onsdag hadde eg fått på plass eit fint program, meinte eg sjølv. Eg fekk Reidar og Niklos til å kome i den aktuelle timen, eg hadde ein prat i studio med Gunnar på Statoil, som 18. mai starta sykkeltur i Tyrkia, og så tok eg ein telefon til Lilly Ester Stanescu om Bykle-kalenderen 2013, som ho no startar arbeidet med å skaffe bilete til. I Kommunen informerer kom Torunn Charlotte Lund og fortalde om 17 mai-feiringa og om Rock i Brokke. Og så kom Leonhard Jansen i studio for å snakke om 17.mai-boka Folkefest frå fjell til fjord. Då var også Jan Kløvstad med på telefon frå Arendal.

Så kunne eg reise heim, ein dag utan sending og ein dag med program. Ingen tvil om at onsdagen var den eg likte best.

Valle Radio veke 20, 2012

Share

Tysdag 15. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Laust og fast frå Setesdal
Om plata Dalen vår med Ole Aa Brattfjord
Om boka Setesdalsbanen 1896-1962 med Niklos K. Besteland og Reidar Tveito
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland: Musikk av komponistar frå Dresden
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå 20.30: Gudrun Nomeland og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer. Jannicke Nordby
20.00 Haralds time. Tema: 17. mai. Gjest: Leonhard Jansen og med Jan Kløvstad på telefonen
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
*Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Epost: post@valleradio.com
*Telefon 379 37 577 onsdag etter klokka 20.30

Senatet som aldri vart

Share

I kjølvatnet av at statssekretær Morten Søberg var i Valle måndag las eg på Setesdalswiki at han hadde skrive ei bok som heitte Senatet som aldri vart. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Morten_S%C3%B8berg

Det var etter det eg kunne finne ut ei bok med essay, og så tenkte eg at eg kunne få Lisbeth på biblioteket til å skaffe den og den andre boka han hadde skrive, Sverdrups ekko. Difor gjekk eg på biblioteket tysdag. Lisbeth var litt oppteken, så eg sette meg til datamaskinen og fann fram søkesida der ein kan søke i Valle folkebibliotek sine bøker. Ein kan søke heimefrå og, det er ei lenke på Valle kommune sin heimeside til Valle folkebibliotek.

Begge bøkene dukka opp, på hylla, stod det. Ho hadde dei altså i huset, eg trong ikkje bestille dei. den dagen gjekk Lisbeth med ein genser der det stod: Vi skaffer (nesten) alt, og då følte eg at det var sant, som eg har gjort så mange gonger før.

Snart stod eg med begge bøkene i handa og kunne setje meg til å lese. Senatet som aldri vart, var den første boka, og i små stykke på konservativt nynorsk fekk eg innblikk i saker om storting og styringsverk som eg ikkje visste før. Til dømes om Paul Svarstad frå Høgre sin kamp for Strynefjellsvegen. Både Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg kunne nok lære noko til kampen for gul stripe til Hovden av han. Eit essay handlar om kommunesamanslåingar, det er interessante linjer han trekkjer opp i høve til samanslåingane for 50 år sidan og aktuelt nok i våre dagar. Eg får og vite at i Norge vert statsministeren ikkje vald, men peika ut av Kongen, det hadde eg ikkje tenkt på før, i andre land vert han vald av parlamentet.

Mange interessante tankar i ei lita bok. Eg fortalde Vidar banksjef om boka då han var i radioen onsdagskvelden. Han ville låne henne etter meg.