Dersom, viss, så framt

Share

Dersom eg hadde hatt ansvaret for sendinga i Valle Radio i morgon, som er ei sending til heile Setesdal, hadde eg teke ein prat med Leonhard Jansen. Setesdalsmuseet opnar både scooterutstilling og maleriutstilling neste laurdag. Vi har tidlegare snakka om scooterutstillinga i Valle Radio, det tok ein time og vi fekk ikkje tid til å snakke om maleriutstillinga. Det er bilete museet har fått låne av Sigurd Helle i Oslo, Sigurd Sørpolen kallar dei han. Han har i årevis samla på maleri frå Setesdal, og det er nok mykje fint der, så populært som det har vore for kunstnarar å vere i dalen i kortare eller lenger tid.

Truleg ville det innslaget ha teke timen mellom 20 og 21.

Men kva skulle ein fylle resten av tida med? Halvtimen mellom 19.30 og 20 er det tradisjon for at Regionrådet har når det er sending til heile dalen. Då kunne eg snakka med Leiv Rygg, som er styreleiar i Regionrådet. Han pleier å ha mykje å snakke om, så den halvtimen hadde nok gått fort. I tillegg kunne eg ha ringt til Signe Sollien Haugå, ho er på etterutdanning i samfunnsplanlegging – SAMPLAN. Det er eit kurs eg og har vore med på, så vi kunne snakka litt om det, det er eit mangfaldig emne. Og Signe har vore i Tromsø denne veka, der er det midnattsol no, så sovinga har det kanskje vore så som så med.

Men så var det å fylle den aktuelle timen. Eg trur eg ville snakka med Ole Aa. Brattfjord om plata Dalen vår. Det skal vere lanseringskonsert neste helg, så det var rimeleg aktuelt. Så kunne eg fått meg ein prat med Nils Vogt Gundersen, mannen som flyfotograferer i Øvre Setesdal no. Ein telefon til arrangøren av dragrace neste helg i Åraksøyne kunne og vore interessant. Jan Oddvar Rysstad er med i den nyskipa veteranbussklubben på Evje, så han hadde sikkert hatt litt av kvart å fortelje, og Ragnhild Egeland har vore seks månader i Kenya, så ho hadde sikkert og hatt nokre glimt ho kunne dele med oss.

Då var nok timen gått, og vel så det.

Men i morgon er det ikkje eg som skal ha sendinga, eg reiser heim til Mandal. Bjørgulv var sett opp som ansvarleg, men han måtte kaste inn handkleet, han har vore i Oslo denne veka, og ingen andre programleiarar hadde høve til å stille opp mellom seks og ni. Heldigvis har Jorunn og Kåre prioritert Opi sending, så klokka ni vert det rebusar og telefonar ut over kvelden. Liv Gunn skal vere teknikar og Tobbe er sett opp som telefonvakt, ho har sikkert fått med seg einkvan, for når det er sending til heile dalen, trengst det fleire til å ta telefonane, dei kimer i eitt av svarelystne folk som høyrer på radioen ein fredagskveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *