Dette skjedde

Share

-Eg vonar at ikkje FM fell ut i dag som det gjorde i går kveld klokka 19, frå då av sende eg bare nettradio, sa eg til Jørund Georg då han i kveld var innom i Valle Radio for å minne oss om korleis vi skulle snakke i dei nye mikrofonane i studio.

Han vart litt lang i maska med det same, så kom det: -Det var min feil. Eg hadde gløymt det skulle vere sending, så eg tok ned den linken som går frå Valle Radio til Bykle då me skulle drive feilsøking på noko. Heldigvis at du sa det no, for eg hadde tenkt å gjere det same i kveld, eg kom ikkje på at den linken også vart brukt av Valle Radio.

Så var nå den gåta løyst, det var jo kipt for alle dei eg prata med på telefonen som trudde at det var mange i øvre Setesdal som høyrde kva dei sa, og så var det bare eg og fem-seks lyttarar på Internett.

Eg lurer forresten på korleis det vil vere om fem år når FM-nettet skal slåast av, slik Ørnulf fortalde på årsmøtet til Valle Radio. Då vert vi nettradio, men eg ser ikkje for meg at alle som no høyrer på FM-bandet, vil verte med over på nettet. Og ingen har råd til å legge om slik at vi kan ha DAB, det vil koste millionar.

I kveld vart det ikkje problem. Alle som skulle vere med og bidra i sendinga, dukka opp og vel så det. Både Vidar Homme, Terje Emblemsvåg og Tor Egil Vaule Andersen var med i Aktuell time, den siste på telefonen frå Oslo. Eg fekk forresten informasjon til å skrive artikkel om han på Setesdalswiki i dag, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tor_Egil_Vaule_Andersen

Så var Torleif B. Harstad på plass med Tankar frå Bibelen, og deretter vart studioet mest fullt då Alida Harskamp, June Thorsen http://www.setesdalswiki.no/wiki/June_Salte_Thorsen og Benny Uppstad. Dei fortalde levande og engasjert om Hylestad skule og det gode samarbeidet det er med FAU og at bygdefolk møter opp når dei lagar bygdekveldar og andre arrangement.

Klokka 20 var det tid for ein prat om snøscooter i nytte og fritid, ei utstilling som Setesdalsmuseet skal ha i sommar. Leonhard Jansen og Pål Dale sat i studio, og Knut Olav Tveit kom med frå Oslo og fortalde levande frå kampen for å kome opp Hegglandskleiva. Den timen gjekk ganske fort, eit par scootersongar fekk vi og tid til.

Så var det open sending med Jorunn Lund Harstad. Ingunn og Bitte dukka opp som telefonvakter og kvelden gjekk fort i triveleg lag, så plutseleg var klokka 22.30 og det var tid for å runde av. Så takka Torhild Sandnes, som var teknikar, for kvelden og eg sat att for å skrive bloggen. Den er no ferdig, så då kan også eg seie god natt.

Her er lenke til programsida på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_9._mai_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *