Ein time om snøscooterar

Share

Onsdagskvelden hadde eg sett opp ein heil time til å snakke om snøscooterar i Valle Radio. Grunnen til det er at Setesdalsmuseet planlegg ei utstilling om dette. Her er kva dei skreiv på Facebook 6. februar:

Snøskuterar i kombinasjon med ferdsle i utmark har etter kvart nærare 50 år med historie bak seg. På godt og vondt har skuteren vore ein medhjelpar i arbeidet og ein likekamerat i fritida. Knapt nokon i bygdene i Setesdal kan påstå å ikkje ha eit forhold til skuteren.

Setesdalsmuseet sine planar for sommaren 2012 er å lage til ei utstilling der tema er ferdsle i utmark med snøskuter som viktigaste framkomstmiddel. Vi treng difor innspel av mange slag, gode historier, brosjyrer og plakater, gode fotografi, og ikkje minst må vi ha med nokre av dei gamle, gode snøskuterane som folk minnest. Kanskje har nokon au videoklipp frå heieturar. Fram til og med vinteren 1988 var det ingen reglar for slik ferdsle, og turane gjekk til stader der det i dag ikkje vert gjeve løyve til å ferdast.

Som ein vil skjøne er vi opne for idear og innspel, og håper på mange tilbakemeldingar her på FB!

I løpet av dei tre månadene fekk museet 23 liker og 4 delingar. Truleg tok og folk kontakt med museet, for no ser det ut til å bli ei utstilling der dei vil vise ti scooterar, frå nokon av dei fyrste som kom til Setesdal, til dei mest moderne. I Valle er det fire scooterforhandlarar, og dei har vore til god hjelp.

Mellom anna har dei fått tak i Røde Kors sin scooter, som var ein av dei fyrste. Den har hatt eit skiftande tilvære etter at han gjekk ut av bruk, i programmet fortalde Leonhard Jansen at scootersamlaren Svein Jore hadde fått tak i den grøne scooteren i Kvinesdal og fått han heim til Valle. Pål Dale kunne fortelje at Røde Kors hadde telt ved Bakkebu i påska og scooteren på plass om noko skulle hende, men det skjedde sjeldan noko. Elles leigde dei ut scooteren med sjåfør til folk som trong frakte noko på heia. Kjetil Rike administrerte ordninga, og mange nytta seg av den. Pål trudde folk melde seg inn i Røde Kors for å få vere med og køyre scooteren den fyrste tida.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_9._mai_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *