Eit slag for Napoleonskaka

Share

I dag var eg innom Spisekroken på Evje. Dei har bakverk frå Moseid i Vennesla, det er kjent for å vere særs godt, sa Heidi Ose, som opna butikken for tre veker sidan. Å få eit bakeri til å gå på Evje har vore vanskeleg tidlegare, men det har vore godt sal dei fyrste vekene, kunne ho fortelje. I dag hadde det vore så mange kundar innom at køen stod heilt til inngangsdøra i periodar og den stunda eg sat der, var det eit jamnt sig av folk som ville ha bakverk eller brød til helga.

Eg stoppa første gongen der sist fredag på tur ned frå Setesdalskonferanen. Då hadde eg vore på Bykle Hotell og høyrt Richard Jacobsen snakke om sal, korleis den som sel skal oppfylle kunden sine behov, og nettopp det var det Heidi Ose gjorde denne seine fredagsettermiddagen, dei har jo ope til klokka 18 på fredagane på Evje. Eg fekk med meg brownies og jojo-kake heim, så vi hadde noko til fredagskaffe og laurdagskaffe. Snadder.

I dag var eg noko tidlegare, så det var Napoleonskake i disken. Då var det ingen grunn til å sjå etter andre variantar til fredagskosen. Raskt og triveleg pakka ho kakene i eske og la i ein pose. Eg valde å få meg ein kopp kaffe og ei skive i same slengen, og så sette eg meg ned for å prate litt. Ho rakk det og i den noko rolegare ettermiddagsstunda.

Etter det eg skjøna av ein annan kunde, burde eg nok og ha fått meg ein eplemuffins eller to, dei var spesielt gode, sa han og sette til livs nr. 2.

Det ligg alt artikkel på Setesdalswiki om Spisekroken, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Spisekroken og snart kjem det artikke om Heidi Ose også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *