Gode på regionalt samarbeid

Share

På middagen under Setesdalskonferansen var det varaordførar Tor Hallvard Mosdøl som ønska velkommen til Bykle. Han heldt ein god velkomen-tale og avslutta med eit politisk stev. Eg tenkte at eg kunne bruke noko av det han sa på bloggen min, så eg spurde han om han hadde eit manuskript eg kunne bruke som grunnlag. Ikkje lenge etter låg det i innboksen min, og eg tek med eit utdrag av det han sa.

Velkomen til fylkesmann, politikarar, virkemiddelapparat og ikkje minst dei aller viktigaste:
næringslivet! Det er dykk denne konferansen er til for, og eg håpar at de har hatt eit godt utbytte av dagen i dag og får det også vidare i kveld og i morgon.

Godt samarbeid
Noko av det eg vart imponert over, etter at eg flytta tilbake til Setesdal, er det gode samarbeidet mellom det offentlege og private verksemder. Vegen er ikkje lang til dialog og råd. Og det er få som sit på høge hestar her.

I Bykle og resten av Setesdal investerast det privat kapital i fleire store prosjekt no, og det er dialogar med aktørar i nasjonalt format. Setesdal er interessant å investere i for den som ser moglegheitene. Eg har tru på at det skal det også vere i framtida.

Noko av det eg trur me kan bli endå betre på i Setesdal, er å skyte fram brystkassa og seie at me er stolte av det som skjer i her. Skryte av dei gode historiane, skryte av av me er gode på regionalt samarbeid. Eg er blant anna spent på å sjå kva som kjem ut av satsinga på lokal mat i Setesdal dei neste åra. Der er det mykje spennande på gong.

Bykle
Eg må nemne noko spesielt frå Bykle, sidan det er her konferansen er lokalisert. No sit me omtrent 400 meter frå der dammen over til Stavenes kjem. Otra Kraft og samarbeidspartnarane investerer om lag ein milliard i Bykle dei neste åra, og det er me sjølvsagt glade for. Kraftutbyggjinga ber med seg mykje positive ringverknadar, og denne gongen er det mest ikkje noko negativt i det heile.

Me får knytta Stavenes til bygda gjennom at det på toppen av dammen skal byggast veg, gangveg, vatn, kloakk og fiber. Rett og slett det som er nødvendig infrastruktur i bustadfelt. Dammen kjem kun til å ha 3 meter reguleringshøgde, slik at det i praksis vert eit flott lite vatn me får i bygda. Når Stavenes i tillegg er ein av dei mest solrike stadane i Bykle har me god tru på at det på sikt kan bli eit svært attraktivt bustadfelt, med kort veg til dei sentrale funksjonane i Bykle. Gardane vert liggjande å trone på toppen slik dei gjer i dag. Attraktive bustadfelt er viktig for oss i Bykle og i Setesdal.

Stev
Agder folkemusikkarkiv har ein stevdatabase på Internett. Eg skulle i eit bryllaup ei tid tilbake og hadde bestemt meg for å kvede litt der. Då eg sat og surfa i folkemusikkarkivet fann eg eit stev som handla om politikarar i Setesdal. Eg veit ikkje kven har skrive det, men eg tenkte eg skulle ta det til slutt. Elles må de ha ein riktig god kveld, og knytte gode nettverk som kan brukast i det daglege virke.

Høgrefokkji mi alli like,
dei sjave tru at da æ så rike.
Da` gang å tru da æ nokå stort,
men her i dale da kjem ti kort.

Mæ høgrevinden an må kje fye,
an fort tek slutt som ei kvirvlebye.
Om her va stemmo i hundretal,
passar inkje Willoch i Sætisdal.

Senterpartie seg inkje jenkar,
men hell fast Høgre mæ sterke lenko.
Om partiformann æ stor å sterk,
fær an inkje gjere da store verk.

Sosialistan vi ver så svære,
av aire vi da kje nokå lære.
Da bite frå si mæ nebb å klo,
det æ nokå dei have lært av Gro.

Programmet for konferansen finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *