Langeloni

Share

I dag fekk eg ein artikkel om Langeloni på Setesdalswiki. Langeloni er eit vatn i Langeidsheii, 32 km frå Langeid i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Der har ein ikkje lov å byggje hytter, men i 2004 vart det sett opp ei jakthytte på 30 kvadratmeter langt der vest i heia, like ved vatnet, på austsida. Grensa mellom Setesdal og Sirdal går i Langeloni.

Grunnen til at eg fekk ein artikkel, var at eg kom til å sjå eit bilete som Knut William Bygland la ut på Facebook av hytta der inne. Det var teke då dei heldt på å reise hytta, og så spurte eg om eg kunne bruke det på Setesdalswiki. Det syntest han var morosamt, så han fann like godt eit bilete av vatnet og, så no ligg det to bilete i artikkelen. På internett klarte eg å finne koordinatar for å legge inn eit kart, så no kan ein sjå på kartet kor hytta ligg.

Det er etablert to grupper på Facebook der ein legg ut bilete frå gamle dagar, det vil seie frå forrige hundreår. Nokre av desse bileta kunne godt høve til artiklar på Setesdalswiki, det har eg tenkt lenge, og i dette tilfellet lukkast det. Eg kunne gjerne sett at fleire artiklar kom til på den måten. Dette skjedde etter klokka tolv i natt, men det kan like godt skje på lyse dagen.

No stundar det mot kvelden att, i morgon er det skuledag, så eg trur nok det er på tide å dra oppover dalen og gjere klar for ei kort jobbveke etter ei lang sjukemelding. I morgon kveld skal Bjørgulv T. Berg ha sending i Valle Radio, programmet kjem vel i Setesdølen i morgon tenkjer eg.

Her er lenke til artikkelen på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Langeloni

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *