Mai i kommunestyret

Share

I kveld var fylkesmann Øystein Djupedal og fleire av medarbeidarane hans i kommunestyret for å snakke om samarbeid mellom embetet og kommunen. Eg høyrde ikkje heile den delen av møtet, men av det som eg høyrde, gjekk det på at kommunestyret må lage planar som dei kan styre etter, ikkje gje dispensasjonar frå sak til sak, for då får ein ikkje ei overordna styring frå kommunestyret si side.

Den delen av møtet som eg høyrde, dreidde seg om jordvern, og fylkesmannen måtte medgje at i Valle må ein ta av dyrka jord for å utvikle sentrum. Om ein har ein plan for slikt, er mykje løyst. Men det er viktig å unngå å bygge ned jord der ein kan produsere mat.

Då orienteringa var slutt, var det høve til å stille spørsmål, og Steinar Kyrvestad og Sissel Åkre var frampå med kommentarar og spørsmål. Fylkesmannen svarte sjølv, og deretter var det tid for suppe før møtet vart sett att og ein kunne ta fatt på saklista.

Den var og lang, men gjekk fort. Men spørsmål til ordføraren tok tid. Steinar Kyrvestad hadde sendt inn to grunngjevne spørsmål på førehand, og så var det den vanlege spørjetimen, der Kim Pedersen, Margit Dale og Bjørgulv N. Berg hadde ordet, i tillegg til Steinar Kyrvestad. Så klokka var vel over 21 då møtet var slutt denne kvelden.

Det var noko anna enn aprilmøtet, som visstnok varte bare 15 minutt, etter det eg las i Setesdølen. Eit av spørsmåla handla om å flytte møta til dagtid, noko som ville gjere belastninga mindre på folk. Det skulle ordføraren kome tilbake til når møteplan for 2013 skulle setjast opp. I Evje og Hornnes kommune er møta på dagtid.

Og så kom det fram at varaordførar Frode Verpe er tilsett som helsesjef for Bykle og Valle. Spørsmålet er då om han må tre ut av kommunestyret, ettersom etatsjefar ikkje kan ha slike verv. Det måtte ein kome tilbake til før han skal begynne i den nye jobben.

Kveldens program har ei side på Setesdalswiki, sjå
http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Valle_Radio_30._mai_2012&redirect=no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *