Mislukka og vellukka

Share

Denne veka var mangfoldig i radiosamanheng. Eg fekk ansvaret for to kveldar, tysdagskvelden skulle eg som vanleg ha eiga sending, og så spurde Ørnulf om eg kunne ha onsdagskvelden for han. Ettersom det var 17. mai torsdag og fri fredag, hadde eg planlagt å dra tidleg nedover til Mandal, men eg sa ja til å ha sendinga og heller køyre nedover etter klokka 21, då eg var ferdig med min del av kvelden.

Eg brukte litt tid på å planlegge tysdagskvelden i helga. Mellom anna gjordet eg avtale med Reidar Tveito om at han og Niklos K. Besteland kunne vere i studio og snakke om boka han har laga om Setesdalsbanen i høve at det er 50 år sidan banen vart lagd ned no i sommar. I tillegg hadde eg avtalt reprise på ein samtale eg hadde med Ole Aa. Brattfjord om den nye plata hans, Dalen vår. Vi snakka saman for ei veke sidan, men då vart det bare nettradio, for FM fall ut den kvelden.

Halv fire tysdag fall Internett ut, og eg tok, klok av skade, ein telefon til Jørund Georg for å høyre om dette ville få innverknad på sendinga tysdagskvelden. Han levde i si eiga verd og hadde ikkje tenkt på at det var sending denne kvelden, dei heldt på med å leite etter ein feil som påverka legekontoret, så etter å ha tenkt seg om, sa han at eg nok måtte avlyse, han kunne ikkje love at nettet som vi brukar for å sende signal til Bykle kom til å vere oppe klokka 18. Så var det bare å ringe og kansellere avtalane eg hadde gjort.

Det vart ein tidleg kveld, mine kveldar i Valle er stort sett baserte på Internett eller radio, men denne kvelden vart eg sitjande å lese. Dagen etter kunne Jørund Georg fortelje at han hadde funne feilen 23.30. Då sov eg.

Onsdag hadde eg fått på plass eit fint program, meinte eg sjølv. Eg fekk Reidar og Niklos til å kome i den aktuelle timen, eg hadde ein prat i studio med Gunnar på Statoil, som 18. mai starta sykkeltur i Tyrkia, og så tok eg ein telefon til Lilly Ester Stanescu om Bykle-kalenderen 2013, som ho no startar arbeidet med å skaffe bilete til. I Kommunen informerer kom Torunn Charlotte Lund og fortalde om 17 mai-feiringa og om Rock i Brokke. Og så kom Leonhard Jansen i studio for å snakke om 17.mai-boka Folkefest frå fjell til fjord. Då var også Jan Kløvstad med på telefon frå Arendal.

Så kunne eg reise heim, ein dag utan sending og ein dag med program. Ingen tvil om at onsdagen var den eg likte best.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *