Senatet som aldri vart

Share

I kjølvatnet av at statssekretær Morten Søberg var i Valle måndag las eg på Setesdalswiki at han hadde skrive ei bok som heitte Senatet som aldri vart. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Morten_S%C3%B8berg

Det var etter det eg kunne finne ut ei bok med essay, og så tenkte eg at eg kunne få Lisbeth på biblioteket til å skaffe den og den andre boka han hadde skrive, Sverdrups ekko. Difor gjekk eg på biblioteket tysdag. Lisbeth var litt oppteken, så eg sette meg til datamaskinen og fann fram søkesida der ein kan søke i Valle folkebibliotek sine bøker. Ein kan søke heimefrå og, det er ei lenke på Valle kommune sin heimeside til Valle folkebibliotek.

Begge bøkene dukka opp, på hylla, stod det. Ho hadde dei altså i huset, eg trong ikkje bestille dei. den dagen gjekk Lisbeth med ein genser der det stod: Vi skaffer (nesten) alt, og då følte eg at det var sant, som eg har gjort så mange gonger før.

Snart stod eg med begge bøkene i handa og kunne setje meg til å lese. Senatet som aldri vart, var den første boka, og i små stykke på konservativt nynorsk fekk eg innblikk i saker om storting og styringsverk som eg ikkje visste før. Til dømes om Paul Svarstad frå Høgre sin kamp for Strynefjellsvegen. Både Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg kunne nok lære noko til kampen for gul stripe til Hovden av han. Eit essay handlar om kommunesamanslåingar, det er interessante linjer han trekkjer opp i høve til samanslåingane for 50 år sidan og aktuelt nok i våre dagar. Eg får og vite at i Norge vert statsministeren ikkje vald, men peika ut av Kongen, det hadde eg ikkje tenkt på før, i andre land vert han vald av parlamentet.

Mange interessante tankar i ei lita bok. Eg fortalde Vidar banksjef om boka då han var i radioen onsdagskvelden. Han ville låne henne etter meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *