Sparebankane sitt samfunnsansvar

Share

Måndag kjem statssekretær Morten Søberg (Sp) i finansdepartementet til Valle Sparebank. Eg hadde vel tenkt at Vidar Homme hadde skrive noko på sin blogg om det, han skal jo vere vert. Men når dei har vore i banken, skal dei i Valle Radio og høyre litt om samarbeidet mellom banken og radioen, banken sponsar jo Valle Radio med 25.000 kroner årleg.

At ein sparebank brukar noko av overskotet til almennyttige føremål i lokalsamfunnet, har lange tradisjonar. I ein kronikk i Sparebankbladet, som vel ikkje så mange utanom sparebankane les, skreiv han for eit snaut år sidan, i august i fjor:

August, sein kveld. Surfar; kjem inn på www.nb.no. Derifrå lastar eg ned ei lita bok frå 1898 av H.E. Berner (då bankdirektør): «Om sparsomhed og særlig om vore sparebanker.» Skriv ut, og skriv av. Spesielt side 30. Der står mellom anna dette: «Da sparebankerne ikke som aktiebankerne er beregnet paa udbytte for aktionærer, lægger de heller ikke an paa stort overskudd. Det overskud, som de giver, gaar til «almennyttige øiemed» (saasom: til kirkelige og religiøse formaal, til museer, samlinger, bibliotheker og leseværelser, skolevæsen, husflids- og haandgjerningsskoler, børneasyler, arbeiderforeninger og arbeiderhjem, syge- og understøttelsesforeninger, musikk- og kunsteriske formaal, vandledninger m.m.m.)»

Over 100 år sidan. Og vi kjenner det att frå Valle Sparebank si utdeling av gåver kvart år. No vil Finansdepartementet lære om dette, og dei har funne ut at dei kan lære noko i Valle. Svært mange av dei oppgåvene som bankane støtta tidlegare er i dag kommunale og statlege. Endringane har ikkje ført til at bankane har slutta å dele ut gåver, men føremålet med gåvene har nok endra seg noko. I dag stør banken opp om arbeidet til lag og organisasjonar, alle med sine føremål organisert i demokratiske grupper på sida av det offentlege apparatet i kvar kommune.

No ville tilfellet at Valle Radio skal ha årsmøte etter at statssekretæren har vore i Valle. Om han hadde stoppa, ville han sjå at det er ei nokså fast gruppe som står bak aktiviteten med sendingar to kveldar i veka frå september til og med mai. Men radioen formidlar nyheter og kulturell identitet på mange plan i bygda. Det er pengane frå Valle Sparebank med på å bidra til, saman med pengar vi får inn på den årlege radiobasaren. Ingen av oss får løn, dugnad har vore prinsippet frå radioen var ny.

Alle vi som jobbar i Valle Radio, nokre av oss jobbar og i Valle Sparebank, opplever banken som ein god støttespelar i lokalsamfunnet. Nettopp fordi han har blitt ståande som ein sjølvstendig lokal bank, er det vår bygd som nyt godt av tilskot til lag og organisasjonar. Truleg opplever også næringslivet det slik, banken kjenner tilhøva og tek ansvar i lokalsamfunnet vårt når noko skal finansierast så sant banken har høve til det. Slik vil vi ha det også i nye hundre år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *