På Setesdalsmuseet

Share

I går var det museumsver. Overskya, utrygt for regn. Så etter at eg hadde fått tilbake bilen frå Valle Bil & Maskin, tok vi turen til Rysstad. Det vart eit triveleg besøk. Eg tok ein ny runde i måleriutstillinga og såg litt meir på Setesdal sett med kunstnarauge. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge

Så fekk eg meg ein rundtur i Frå hest til hestekrefter – vinterferdsle i hei og utmark. Den har eg ikkje skrive om på Setesdalswiki enno. Men det er ti snøscooterar som er stilte ut. Kontrasten til kjelken som vart nytta for å dra høy fram frå heia er jo svært stor, men perspektivet og utviklinga i scootertradisjonen på 40 år er sanneleg og interessant å reflektere over. Og Knut Olav Tveit sin Bamse er sentral i mange bilete frå heieliv på Hegglandsheia. Den utstillinga har nok ført til at folk som ikkje elles er så ivrige museumsgjester tek turen innom. Så betalar dei 30 kroner for å sjå utstillinga av scooterar, men det vert vel som oftast til at dei svingar innom Kraftverksutstillinga i same romet, sjølv om den no er mange år gammal, er det mykje interessant å sjå der og. Så får ein med seg måleriutstillinga når ein går slik og sviv, og kan hende går ein opp på loftet og ser på bunadsutstillinga og den faste utstillinga av Hans Henrik Holm si skrivestove og. Då har ein sanneleg fått mykje interessant for inngangspengane.

Om ein er heldig, treffer ein kjentfolk på museet, eller ein kjem i snakk med folk ein ikkje kjende frå før. Det skjedde og i går, og utgangspunktet var at ho kjøpte bøkene til Reidar Tveito om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra_3 Då måtte eg helse på Gunnbjørg Michaelsen, fødd Åmli, heime frå Florida på årleg besøk. Ho ville ha med seg bøkene til Reidar tilbake til USA og når lysten på ein fjelltur vart sterk, kunne ho jo bla i bøkene og minnast gode turar til fjells.

Den ettermiddagen gjekk fort, museet hadde ope til klokka 17, og det var Randi Myrum som hadde vakt. Frå sundag 1. juli tek sommarguidane over for det faste personalet når det gjeld vakt og omvising. Det er i morgon. I dag er det Sentrumsfrukost i Valle, så eg trur eg avsluttar her og går ut i gråveret. Teltet er reist, så ein må vel slåss om sitjeplass under tak idag. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sentrumsfrokost_i_Valle_2012

Ut på tur

Share

I dag gjekk turen til Valle via Kristiansand. Ettersom besøket i Kristiansand førte oss på austsida av Otra, valde vi å køyre om Vennesla og Iveland oppover til Kile. I Vennesla var det handledagar og mykje folk, men vi stoppa ikkje, gode tilbod kunne dei ha for seg sjølv. heller ikkje i Iveland stoppa vi, sjølv om arbeidet på Birketveit godt kunne vore verd ein stopp. Det vert fint der når utbygginga er ferdig.

Dåsnes var første stopp på turen. Eg hadde ikkje fylt bensin i helga, så no måtte eg ta til takke med bensin til 14,60. Med Coop-kort var det litt å spare, så eg hugsa på å bruke det. Vi hadde planlagt å kjøpe middag på Pernille, salatbordet der er ein sikker suksess saman med biffsnadder eller andre rettar dei legg til med salatbord. Reidun valde lasagne, men biffsnadder var stor og god, nesten så ein ikkje trong meir mat i dag. På Pernille kom og Aud Magne Helle innom, og då fekk vi ein hyggeleg prat i lag, det går lang tid mellom kvar gong vi treffer kvarandre no.

Eg stoppa likevel på Spisekroken. Heidi Ose er så triveleg å handle med at eg brukar å stoppe der, og i dag hadde ho alle brød til 20 kroner. Då let eg henne velje for meg. Men Napoleonskakene valde eg sjølv, så eg sparte ikkje noko på handelen i dag heller. -Skal bare ha eit brød til 20 kroner… Og så kjem ein ut med Napoleonskake til 2×40 i tillegg. Om det var prisen, kunne ein heller kjøpt brød på Coop til 25, men då fekk ein ikkje Heidi sitt vennlege smil på kjøpet. Og Napoleonskakene frå Moseid i Vennesla er kremgode!

Så gjekk turen vidare nordover i lettskya solskinnsver. Kvart på seks kom vi til Valle og kunne komplettere handelen på Joker før dei stengde for kvelden. Så vart det ein tur innom biblioteket, det var siste opningsdagen før sommarferien, så eg plukka med meg nokre bøker eg kunne bruke til moglege artiklar på Setesdalswiki. I kveld skreiv eg ein av dei, om Aasulv Austad, som var prest i Valle under 2. verdskrigen. Eg har ei liste over prestar i Valle på Setesdalswiki, og truleg kan det bli artiklar om nokre av dei i løpet av sommaren om inspirasjonen svingar innom.

Meir om kjelder

Share

I dag skreiv eg inn gårsdagens Setesdølen på Setesdalswiki. Eg prøver å gjere det same dagen eller dagen etter avisa har kome ut. Overskriftene i avisa er eit viktig grunnlag for artiklar på Setesdalwiki, og artiklar der blir ofte til artiklar på Setesdalswiki. Medan Setesdølen har nyhetens interesse, har Setesdalswiki høve til å skrive om lange linjer og gje meir innhald til stoffet som er omtalt i overskriftene. For den som ikkje har tilgang til avisa fordi ein er på tur, får ein eit visst inntrykk av kva som er oppe til diskusjon i Setesdal sjølv om ein ikkje får alt stoffet.

Truleg burde eg twitra med utgangspunkt i avisa og. For det ser ut til at twitter er ein kanal som ofte vert brukt for å formidle aktuelt stoff. Avisene nyttar seg av den, og vi ser ofte på TV at ein kan vere med i debatten ved å følgje eit # på twitter. Men eg er ikkje komen så langt enno.

Imidlertid fylgjer eg ein feed på twitter som heiter WikipediaTrends. Den seier noko om kva for engelske artiklar som får mange oppslag. I dag kom ein slik tweet: Wikipedia Trends ‏@WikipediaTrends
Trending today on @Wikipedia… Daniel Batman, up +191,308%: http://enwp.org/Daniel_Batman Denne gongen tok eg meg tid til å slå opp artikkelen. Truleg var det fordi eg nettopp hadde sett at det er ein by i Tyrkia som heiter Batman, det er ikkje bare namnet på ein teikneseriehelt. http://no.wikipedia.org/wiki/Batman_(by)

Det synte seg å vere ein australsk deltakar i OL, ein sprintar. Han hadde ingen sigrar internasjonalt, men norsk wikipedia hadde ein artikkel der han var nemnd i samband med at han var med i VM i friidrett innendørs 2003, der han fekk ein sjetteplass. Grunnen til at artikkelen fekk mange oppslag, var nok at han omkom i ei trafikkulukke i Australia i går, 26. juli. eg las artikkelen og tenkte at det kunne vere eit greitt høve å srive om han på norsk og. Så no ligg det ein norsk artikkel om han. Den er ikkje veldig stor, men målet er å få artiklar om idrettsutøvarar som er med i internasjonale konkurransar, og dermed kom det ein ny artikkel på Wikipedia.

Kjelder er viktige, utan kjelder er det uråd å skrive leksikon.

Kjelder og skriving

Share

Når eg skriv på Setesdalswiki, treng eg kjelder. Ofte kan eg finne dei på Internett, men om temaet er meir lokalt, er det ikkje alltid det er så mykje å finne. Til dømes er det ingen artikkel om Harald Lund, kunstmålaren frå Valle på Internett. Han levde frå 1908 til 1993. Då han var 80 år gav Bykle og Valle kunstlag ut eit festskrift dei kalla Setesdalsmålaren Harald Lund.

I kommunestyresalen i Valle heng ei rekke av bileta hans, Valle Sparebank har og bilete av han, og på utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet er det sommaren 2012 stilt ut eit bilete av han, «Tre kvinner rundt ei vogge» frå 1933.

I dag ville eg skrive litt om han på Setesdalswiki, for eg har som mål å skrive om alle kunstnarane som har bilete på den utstillinga. Å søke på nettet gav ikkje mykje, ein skulle jo hatt boka om han. Men då skulle ein vore på biblioteket i Valle, der har dei boka. Men no har eg sommarferie, og sjølv om eg meiner at eg har den boka, lurer eg på kor ho er i boksamlinga mi, er ho av dei bøkene eg har i Valle eller er ho her i Mandal?

Det enda opp med at eg lagra ein start på artikkelen og så gjekk på leiting i bokhylla i Mandal. Å gå på leiting i bokhyllene er alltid interessant, for eg oppdagar ting eg ikkje hugsa at eg hadde. Men denne gongen let eg meg ikkje distrahere, og plutseleg sprang ho fram og sa «Her er eg». Då var det bare å lese og å utvide artikkelen. Når ein har kjelder, kan ein lage ein artikkel. Utan kjelder er det vanskelegare. Det er heller ikkje ønskeleg å ha artiklar på Setesdalswiki utan kjelder. For eit nettleksikon er det viktig å kunne vise til kor ein kan finne meir stoff om emnet, og då er det kjeldene som er viktige.

Så no ligg det ein artikkel om Harald Lund på Setesdalswiki. Det er vel fortent. Snart ligg og artikkel om festskriftet der. For no har eg kjelde til ein slik artikkel og. Då er det bare å skrive.

Setesdal sett med kunstarauge

Share

Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012 har to utstillingar, ei av dei er ei maleriutstilling med same namn som tittelen på bloggen i dag. Eg har ambisjon om å skrive artiklar om utstillarane på setesdalswiki, men det er nokså vanskeleg å finne stoff om somme av dei. I dag skreiv eg om Anstein Rishagen, han har 11 av dei 37 bileta på utstillinga. I dag er han ikkje særleg kjent som kunstnar, men i samtida var kunsten hans populær. I mellomkrigstida var han i Setesdal og måla, og han vart gift med ei jente frå Valle.

Utstillinga består av bilete som Sigurd G. Helle har samla gjennom eit langt liv, han har samla kunst med Setesdalsmotiv, og ikkje tenkt så mykje på om kunstnaren er kjent eller ikkje. Å skrive om kunstnarane vert ei oppgåve som ein kan bruke litt tid på, ser det ut til.

Artikkelen om utstillinga starta eg på like etter at eg hadde vore på museet og sett bileta. I dag fekk eg lista over bilete og kunnne leggje den inn i artikkelen. Etter at eg hadde hatt ein prat med Leonhard Jansen i går om storleiken på biletet av Helga Ring Reusch, har eg og to bilete av måleriet Bondebegravelse i Setesdalen, eitt av biletet som heng på Norsk Folkemuseum, og eitt av eit utkast til same måleri, som er med på utstillinga. Biletet på utstillinga på Setesdalsmuseet er bare 26 x 32 cm, medan det på Norsk Folkemuseum er 163,5 cm breitt og 121,5 cm høgt.

Eg hadde jo likt å lage galleri av bileta i samband med artiklane på Setesdalswiki. Men då må nokon fotografere alle bileta i utstillinga, og det er ein stor jobb. Så du får heller ta turen på museet og sjå bileta sjølv. Då kan du samstundes sjå 10 snøscooterar i utstillinga Vinterferdsle i skog og hei. Den er og interessant å få med seg.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anstein_Risteigen
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bondebegravelse_i_Setesdalen

Wikipedia og Setesdalswiki

Share

No når sommarferien står for døra har eg tenkt å få gjort litt både på Setesdalswiki og Wikipedia. I dag skreiv eg om ein ordførar i Balestrand basert på omtale i samband med 70-årsdagen hans i Vårt Land og i går skreiv eg om ein av kunstnarane som har bilete på Setesdalsmuseet, Helga Ring Reusch, på Setesdalswiki. Wikipedia klarar seg godt utan mi hjelp, så det vert nok mest å skrive om Setesdal i ferien, men av og til kan det vere godt å skrive om emne som ligg litt lenger borte og.

I dagens Agderposten var det artikkel om Byklestigen, og då hadde dei brukt bilete frå Setesdalswiki, tekne av Reidar Tveito. Han har levert mange bilete til Setesdalswiki, og når ein skriv kor bileta er henta frå, krediterer fotografen, så er det hyggeleg for den som har teke bileta. Bilete frå Wikipedia kan eg og bruke på Setesdalswiki, men til no har Reidar ikkje lasta opp bilete til Wikipedia.

Begge leksikona er dugnadsbaserte, og eg skulle ønske at fleire vart med i skrivinga både på Setesdalswiki og Wikipedia. Å dele kunnskap er viktig, og det er nok å ta av innanfor Setesdalswiki sitt emneområde.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Helga_Ring_Reusch
http://no.wikipedia.org/wiki/Erland_Fagermoen

Kommunestyremøte 20. juni 2012

Share

I kveld var det overføring av kommunestyremøte i Valle Radio. Siste møte før sommarferien hadde godkjenning av rekneskapen for 2011 og ei rekke andre saker på programmet:

PS 33/12 Referatsaker
PS 34/12 Førespurnader
PS 35/12 Brøyting, rydding og strøing av vegar og plassar som kommunen har driftsansvar for – val av tilbod for perioden 2012/2013 til 2017/2018
PS 36/12 Søknad om endring av fylkesgrense mellom Aust-Agder og VestAgder
PS 37/12 Endring i organiseringa av Valle kommune
PS 38/12 Rekneskap 2011, Øyne Industribygg Valle KF
PS 39/12 Søknad om utvida salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1
PS 40/12 Saksframlegg: Trekking av motsegn – reguleringplan Skjellestøyl
PS 41/12 Årsmelding og rekneskap 2011
PS 42/12 Tertialrapport pr. 30.04.2012
PS 43/12 Søknad om fritak frå verv som jordskiftemeddomar og val av ny
PS 44/12 Høyringsuttale – Nasjonal Transportplan 2014 – 2023

Programleiar var ordførar Tarald Myrum og teknikar var Jørund Georg Jore.
PS 45/12 Samarbeidsavtalar med SSHF – godkjenning av delavtalar (ekstrasak)

Digitale spor

Share

I dag vart eg sitjande og snakke med ein annan som skriv på wikipedia. Han synte meg nokre digitale spor og vi undra oss over at dei førte i ein retning vi ikkje hadde tenkt oss. Det minna meg om, at digitale spor er vanskelege å slette, så ein bør vere varsam med det ein gjer på internett. I grunnen kan det ikkje seiast for ofte.

Nokre trur at dei kan skrive på wikipedia utan å registrere seg, og så veit ingen kven dei er. Men eg har mange gonger teke kontakt med skular i samband med slike opplevingar, så får elevane ei lekse i nettvett. For ip-adressa går til ein maskin, den er unik, og om du skreiv på den maskina på det tidspunktet, er det ikkje lett å lure seg unna ansvaret for teksten.

Sjølv har eg vald å skrive under eige namn både her på bloggen og på wikipedia. Dermed står eg ansvarleg både her og der og lurer ikkje meg sjølv. Det har stort sett bare vore positivt, og når eg no nærmar meg 3000 blogginnlegg, har eg få negative kommentarar på bloggen. I det heile er det få kommentarar, sjølv om det er råd å kommentere det eg skriv. Det same er situasjonen på Wikipedia.

Likevel minner eg meg sjølv og lesarane om å tenkje på digitale spor når ein er aktiv på Internett. Du hugsar kanskje borat på vannski som vi såg på tv under Hurtigruta minutt for minutt. Han vart intervjua i eit program no i helga, sundagskvelden trur eg det var. Han var nok litt redd for kva ein framtidig arbeidsgjevar ville seie til stuntet, som forresten hadde vore ein svært kald halvtime, men han vona det ville gå godt. Det vonar eg og, for han og for alle andre som legg etter seg elektroniske spor. Nokre kan vere positive og føre til at ein får godt skussmål. Då er det gode elektroniske spor.

Kindness

Share

I kveld siterer eg litt frå Aung San Suu Kyi sitt Nobelforedrag:

Når det gjelder motgangens sødme, og la meg si at den ikke finnes i noe stort monn, er jeg av den oppfatning at den beste og mest verdifulle sødmen jeg har opplevd er det jeg har lært om vennlighet. Hver eneste vennlighet som ble vist meg, det være seg liten eller stor, overbeviste meg om at det aldri vil bli for mye vennlighet i verden. Å være vennlig er å reagere med følsomhet og menneskelig varme på andres håp og behov. Selv det minste anstrøk av vennlighet kan lette et tungt hjerte. Vennlighet kan endre folks liv. Norge har utvist en eksemplarisk vennlighet ved å tilby et hjem til jordens fordrevne, et tilfluktssted for dem som har fått kuttet over båndene til sikkerhet og frihet i sitt hjemland.

Kindness var ordet ho brukte, det er omsett til norsk vennlighet i teksten over. Å oppleve vennlege menneske er ei glede og gjev lys og varme i livet. Andre har kommentert det slik:

Vennlige ord kan være små og enkle å uttale, men de gir gjenlyd for alltid. Moder Teresa

Et vennlig ord koster ingenting og er allikevel den skjønneste av alle gaver. Daphne du Maurier

De vennlige ord som sies i dag, kan bære frukt i morgen. Mahatma Gandhi

Vi kan strø høflighetens og vennlighetens frø rundt oss uten at det koster stort. Jeremy Bentham

Endeleg fann eg og eit svensk ordtak: Vær vennlig mot den du møter, kanskje møter du den igjen på hjemveien.

Det var ei oppleving å høyre talen hennar. Nokre av burmesarane i Valle reiste til Oslo for å møte henne, det gjekk ein bil frå Valle til Froland, der vart dei med buss til Oslo for oppleve henne saman med andre burmesiske flyktningar på Sørlandet. Eg vonar det vart ei god oppleving.

Her er lenke til NRKs side med talen hennar: http://www.nrk.no/nyheter/nobels_fredspris/1.8204458

Og her er lenke til NRK si side om då ho møtte eksilburmesarar: http://www.nrk.no/nyheter/nobels_fredspris/1.8204137

Meir orgelmusikk i NRK

Share

I dag las eg i Orgelspeilet. Det er eit blad som Det Norske Orgelselskap gjev ut. I årets første nummer var det referat frå årsmøtet i selskapet. Alle sakene gjekk unna i rekordfart, styret vart attvald, det same vart varamedlemmer og valnemnd. Kontingenten kunne ein halde på same nivå som tidlegare, det verka å ha vore plankekøyring.

Siste sak var Innkomne saker. Der var det brev frå Valle Radio sin orgelmedarbeidar (rett nok utan tilvising til Valle Radio) om at Det Norske Orgelselskap burde arbeide for å få meir orgelmusikk i NRK. I referatet heiter det så: Etter forslag fra Anders Hovind skal styret ta denne saken videre til Lytteforeningen for klassisk musikk. http://www.orgelselskapet.no/Arsmoteref2012.pdf

Det var ei forening eg ikkje hadde høyrt om før. Men Niklos sitt engasjement i saka om orgelmusikk i NRK har eg jo opplevd både i programma våre i Valle Radio og utanfor. I bilen når vi køyrer til Besteland etter sendingane, er det ofte tankar om klassisk musikk og særleg orgelmusikk i NRK som er tema i samtalane. Niklos noterer seg alt han høyrer og kan dokumentere at det er svært lite orgelmusikk i NRK no i høve til tidlegare. Det er mest slik at jo fleire kanalar NRK har fått, jo vansekelegare er det å finne orgelmusikk i eteren. Det har ført til at han leitar seg fram til Danmark for å høyre orgelmusikk i andakt og gudstenester, i Norge er orgelet nesten heilt borte, medan i Danmark held ein tradisjonen i hevd. Og så leitar han seg fram til tyske og nederlandske stasjonar som også sender orgelmusikk. -Tenk om vi kunne fått tilbake eit program som Klang i katedralen, seier han ofte. Der besøkte programleiaren ei kyrkje og vi fekk høyre korleis orgelet var og høyre orgelmusikk. No er det nesten bare Kåre Nordstoga som vert spelt i NRK, ofte same stykket kvar gong, og nestan aldri at ein får høyre heile stykket. Korleis kan folk finne glede i slik små kutt av eit større stykke?

Denne veka var det ein artikkel i Vårt Land om at no legg Norsk Musikkforlag ned platebutikken sin i Oslo. Der har Kjell Hillveg seld plater med klassisk musikk i over femti år, men no er det slutt. No er det bare att ein einaste platebutikk som bare sel klassisk musikk, den ligg i Sandnes. Framleis finn ein noko klassisk musikk saman med annan musikk nokre stader, men klassisk musikk har dårlege villkår.

Med entusiastar som Niklos med på laget kan Valle Radio halde fram med å ha ein halvtime med orgel- og kyrkjemusikk kvar veke.