2800

Share

I dag runda Setesdalswiki 2800 artiklar. Det skjedde med 17. mai-tale i Valle 2012, som eg hadde fått tilsendt av Bjørgulv Sverdrup Lund for ei tid sidan, men først i dag fekk høve til å legge inn. Artikkelen før rundt tal var ein artikkel om rutetider for DB Bjoren i sommar, så det er stor spredning i innhaldet i denne databasen med stoff frå Setesdal.

I utgangspunktet var tanken at Setesdalswiki skulle skrive om folk og næringsliv i Setesdal, men det er blitt mykje meir. No skriv vi om kultur og konfirmantar, dagens hendingar og dødsfall. Til no har eg ikkje skrive artiklar om folk som ikkje er vaksne, med mindre dei har utmerka seg i idrett, som Aron og Elin, som Bjørgulv nemner i talen sin. Men dagleg finn eg stoff i nye eller gamle utgåver av Setesdølen som kan nyttast til å lage artiklar. Også plater og bøker er med, artikkel nr. 2700 var om plata Gorrlaus som Gunnar Stubseid spelte inn i 2008, og i dag har eg skrive om plata Munnharpe, som Sigurd Brokke gjev ut i år på Etnisk Musikklubb.

Sjølv om eg likar å skrive, kjem eg til kort i høve alt det som kan skrivast om på Setesdalswiki, så eg må ta tida til hjelp. Nokre dagar er ein inspirert og har tid, andre dagar går det tregare og andre gjeremål tek tida. Så vert det ikkje så mange artiklar. Men smått om senn veks det, dag for dag.

Eg sjekka kor mange innlegg eg har på bloggen, og sidan starten i oktober 2005 har eg skrive 2886 innlegg, så snart er det fleire innlegg på Setesdalswiki enn på bloggen. Men eg bloggar sjeldan meir enn ein gong kvar dag, så det er heilt naturleg at leksikonet veks fortare og snart har teke att forspranget, for der skriv eg kanskje mellom fem og ti artiklar nokre dagar.

Nederst på framsida ser du dei siste nye artiklane. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Og 17. mai-talen i Valle 2012, den sende vi i Valle Radio. Om du ikkje fekk høyre han på dagen eller i opptak, kan du no lese han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai-tale_i_Valle_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *