Aung San Suu Kyi

Share

I kveld såg eg eit program om Aung San Suu Kyi på NRK2. Det teikna eit tankevekkande portrett av kvinna som laurdag skal halde nobelforedraget sitt i Oslo, 21 år etter at ho fekk fredsprisen.

Far hennar var sterk forkjempar for at Burma skulle få fridom frå det engelske koloniveldet, han vart drepen i 1949, så ho vaks opp utan far. Likevel vart det arven etter han ho etter kvart kom til å gå inn i, etter at ho hadde studert i Oxford og der funne seg mann og stifta familie. Då mor hennar vart sjuk, reiste ho til Burma for å pleie henne, og sidan vart ho verande der, ettersom ho ikkje ville få lov å reise til Burma att om ho reiste ut av landet.

At ho vart verande i Burma, gjorde på sett og vis mannen hennar til aleinepappa og borna hennar fekk ungdomstid utan mor til stades. Det kan ikkje ha vore lett for henne eller dei, men ho sa at kollegaene i partiet i Burma vart hennar nye familie. Etter kvart fekk heller ikkje familien kome på besøk til henne i Burma, så ho ofra mykje i kampen for det ho trur på. Det er ikkje så lett å skjøne at ho var villig til det, men tv-programmet gav eit visst inntrykk av konsekvensane av at ho valde som ho gjorde. No er ho vald inn i Burmas parlamentariske forsamling og har lov til å reise fritt. Så kampen hennar er endeleg ført fram til ein delsiger. Ho vann jo det demokratiske valet med 80 prosent av stemmene før militærjuntaen tok makta i landet og nullstilte valet, men folket i Burma har aldri godteke det og ser på henne som den lovlege politiske leiaren. Sjølv har ho avfunne seg med situasjonen slik den er no, verkar det som.

Laurdag vil burmesarar frå heile Norge dra til Oslo for å hylle henne. Burmesarane i Valle fyller ein bil og dreg til Froland, det skal gå buss derifrå til Oslo laurdag morgon, og så vil dei møte henne etter nobelforedraget. Ho er buddhist, burmesarane i Valle er kristne, men ho verkar å vere ein samlande politikar som folk sluttar opp om uavhengig av etniske og religiøse skilnader. Eg vil nok prøve å få med meg nobelforedraget laurdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *