Digitale spor

Share

I dag vart eg sitjande og snakke med ein annan som skriv på wikipedia. Han synte meg nokre digitale spor og vi undra oss over at dei førte i ein retning vi ikkje hadde tenkt oss. Det minna meg om, at digitale spor er vanskelege å slette, så ein bør vere varsam med det ein gjer på internett. I grunnen kan det ikkje seiast for ofte.

Nokre trur at dei kan skrive på wikipedia utan å registrere seg, og så veit ingen kven dei er. Men eg har mange gonger teke kontakt med skular i samband med slike opplevingar, så får elevane ei lekse i nettvett. For ip-adressa går til ein maskin, den er unik, og om du skreiv på den maskina på det tidspunktet, er det ikkje lett å lure seg unna ansvaret for teksten.

Sjølv har eg vald å skrive under eige namn både her på bloggen og på wikipedia. Dermed står eg ansvarleg både her og der og lurer ikkje meg sjølv. Det har stort sett bare vore positivt, og når eg no nærmar meg 3000 blogginnlegg, har eg få negative kommentarar på bloggen. I det heile er det få kommentarar, sjølv om det er råd å kommentere det eg skriv. Det same er situasjonen på Wikipedia.

Likevel minner eg meg sjølv og lesarane om å tenkje på digitale spor når ein er aktiv på Internett. Du hugsar kanskje borat på vannski som vi såg på tv under Hurtigruta minutt for minutt. Han vart intervjua i eit program no i helga, sundagskvelden trur eg det var. Han var nok litt redd for kva ein framtidig arbeidsgjevar ville seie til stuntet, som forresten hadde vore ein svært kald halvtime, men han vona det ville gå godt. Det vonar eg og, for han og for alle andre som legg etter seg elektroniske spor. Nokre kan vere positive og føre til at ein får godt skussmål. Då er det gode elektroniske spor.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *