Ein gangar og ein spelemann

Share

‎Sigurd Brokke har eit fyldig teksthefte i plata Munnharpe. Der fann eg nok informasjon om Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad til at eg kunne lage ein artikkel om slåtten på Setesdalswiki. Og så blei det ein artikkel om mannen bak gangaren, han som kappspelte med Myllarguten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tarkjell_Aslakson_Austad

Eg har ikkje særleg peiling på folkemusikk, men eg har funne ut at eg kan skrive litt på Setesdalswiki om slåttar eg kjem over dersom plateomslaget har noko informasjon eg kan bruke. Ofte vil eg finne litt her og litt der, og i artikkelen kan eg ha med ulike innspelingar av slåttane. Det er lite slikt stoff på Internett, så ofte vert desse artiklane slått opp. Artikkelen om Klunkaren har blitt vist knapt 300 gonger på snautt to år. To andre slike artiklar har blitt vist vel 80 gonger. Eg trur difor det er eit behov for slike artiklar, folk som høyrer ein slått kan finne ut meir om han om dei slår opp i Setesdalswiki.

Av og til kan ein kome over ein opphavsmann til ein slått. Då er det spennande å skrive litt om han og, særleg om han er frå Setesdal. Då høver ein artikkel godt inn i konseptet til Setesdalswiki. Men Tarkjell Aslakson Austad var fødd i 1802, så det var ikkje så lett å finne noko stoff. Men så sat eg og bladde i Setesdals Spelemannslag 50 år 1930-1980, og plutseleg dukka namnet hans opp. Dermed vart det ein artikkel med kjeldetilfang frå denne boka og frå litt eg fann om han i artikkelen om Myllarguten i Norsk Biografisk Leksikon. Dei nytta Gamalt or Setesdal som kjelde, truleg kunne eg funne meir om eg hadde leita der, men artikkel vart det.

Og om eit par veker, laurdag 23. juni 2012 er det hundre år sidan bautasteinen over han vart reist på Austad kyrkjegard, der han vart gravlagd i 1875. Då låg kyrkja enno på Austad, det var først i 1880 ho vart reist på Tveit.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *