Fuglene under himmelen

Share

I dag vart eg sitjande med denne boka av Nils Harald Sødal. Han kan meir enn å synge opera, det er tredje boka denne songaren gjev ut.

Boka handlar om ei kvinne som er flyktning frå Sør-Sudan og hamnar i Norge. Vi får høyre om flukta hennar og om korleis ho vert valdteken og etter kvart mor til fem barn. Så utruleg det høyrest ut tek ho med seg overgriparen til Norge når ho får kome hit, han er jo far til barna. At det ikkje endar godt, kan ein nok tenke seg, men ho er ei sterk einsleg mor til fem barn etter å ha blitt skilt frå han.

Den siste delen av boka handlar om korleis ho får seg eit sjette barn, og at dette vert teke frå henne av barnevernet. Vi får og innsyn i kampen hennar for å få tilbake sin yngste son.

Det er ei tankevekkande bok, og under lesinga kan eg ikkje fri meg frå tanken på kva slags bagasje elevane mine har med seg på ferda frå heimland til klasseromet mitt. Sjølv om vi som er lærarar og sit saman med dei i mange år får høyre små glimt, er det vanskeleg å setje seg inn i tilhøva mange har flykta frå.

Nils Harald Sødal skriv om ei kvinne frå Afrika, våre asiatiske kvinner har truleg og gripande historier dei kunne fortelje. Her om dagen leita dei etter det norske ordet for framferda til burmesiske soldatar som kom i landsbyane deira. Sarah frå Sør-Sudan får tidleg merke at den framferda ikkje er eineståande for Burma, og artikkelen i Wikipedia fortel at det også ved borgarkrigar i Europa har vore ein mykje brukt krigs-taktikk.

Du kan lese meir om Nils Harald Sødal på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Nils_Harald_S%C3%B8dal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *