Kjelder og skriving

Share

Når eg skriv på Setesdalswiki, treng eg kjelder. Ofte kan eg finne dei på Internett, men om temaet er meir lokalt, er det ikkje alltid det er så mykje å finne. Til dømes er det ingen artikkel om Harald Lund, kunstmålaren frå Valle på Internett. Han levde frå 1908 til 1993. Då han var 80 år gav Bykle og Valle kunstlag ut eit festskrift dei kalla Setesdalsmålaren Harald Lund.

I kommunestyresalen i Valle heng ei rekke av bileta hans, Valle Sparebank har og bilete av han, og på utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet er det sommaren 2012 stilt ut eit bilete av han, «Tre kvinner rundt ei vogge» frå 1933.

I dag ville eg skrive litt om han på Setesdalswiki, for eg har som mål å skrive om alle kunstnarane som har bilete på den utstillinga. Å søke på nettet gav ikkje mykje, ein skulle jo hatt boka om han. Men då skulle ein vore på biblioteket i Valle, der har dei boka. Men no har eg sommarferie, og sjølv om eg meiner at eg har den boka, lurer eg på kor ho er i boksamlinga mi, er ho av dei bøkene eg har i Valle eller er ho her i Mandal?

Det enda opp med at eg lagra ein start på artikkelen og så gjekk på leiting i bokhylla i Mandal. Å gå på leiting i bokhyllene er alltid interessant, for eg oppdagar ting eg ikkje hugsa at eg hadde. Men denne gongen let eg meg ikkje distrahere, og plutseleg sprang ho fram og sa «Her er eg». Då var det bare å lese og å utvide artikkelen. Når ein har kjelder, kan ein lage ein artikkel. Utan kjelder er det vanskelegare. Det er heller ikkje ønskeleg å ha artiklar på Setesdalswiki utan kjelder. For eit nettleksikon er det viktig å kunne vise til kor ein kan finne meir stoff om emnet, og då er det kjeldene som er viktige.

Så no ligg det ein artikkel om Harald Lund på Setesdalswiki. Det er vel fortent. Snart ligg og artikkel om festskriftet der. For no har eg kjelde til ein slik artikkel og. Då er det bare å skrive.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *