Krullane

Share

Langs riksveg 9 står det nokre store bautaer. På min tur mellom Mandal og Valle ser eg dei på Hornnes, Bygland og Helle. Steinane strekkjer seg mot himmelen. På steinane er det montert krullar i aluminium, trur eg. Dei bind symbolsk saman Setesdal ved at same bautaen står fleire stader i dalen.

Krullane er logoen til Setesdal Regionråd og finst på heimesida deira og på publikasjonar dei gjev ut. Dei fem krullane symboliserer dei fem kommunane som var med i Setesdal Regionråd frå starten, at Iveland gjekk ut av samarbeidet er skuffande, men logoen vart ikkje endra.

Når nokon har gjort ein jobb for Setesdal Regionråd, vankar det ofte ein sylv-pin som takk for innsatsen. Den har og form som krullane på bautaen. Etter at eg hadde presentert Setesdalswiki på ein konferanse, vart eg overraska med ein slik pin og eit blått fat frå Glashytta på Bygland med krulle-dekor. Begge deler gjorde meg overvelda og glad.

Vi brukte ganske lang tid på å finne ein logo til Setesdalswiki. Eg ville helst ha ein logo med krullane på for å symbolisere at Setesdalswiki var oppretta som eit initiativ frå Setesdal Regionråd, men ettersom det ikkje skuldast eit vedtak i styret, men eit benkeforslag på Setesdalskonferansen 2009, var ikkje dagleg leiar Signe Sollien Haugå så stemt for det. I staden gjekk utfordringa til designer Ove Kjetså om å prøve å finne ein logo. Eg ville gjerne ha noko som heldt forbindelsen til regionrådet sine krullar.

Etter mange diskusjonar og utkast snudde han på flisa ein dag og kom opp med eit tre som var laga av krullane, og då sa det klikk. For Setesdalswiki veks og nye krullar legg seg til gamle krullar. At han også fekk med fargane frå Setesdal gjorde det endå betre. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Krullane tek utgangspunkt i løyesaumen som er til bunaden. Slik vert symbol knytte saman og tilpassa ei ny tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *