Magnhild Meltveit Kleppa

Share

I kveld skreiv eg ein liten artikkel på Setesdalswiki om samferdsleministeren. Ho skulle kome til Valle i morgon, og då var det jo greitt å ha ein liten artikkel om henne.

Eg la og ut på Facebook ei lenke til artikkelen om besøket som låg på heimesidene til Setesdal Regionråd. Og så vende eg meg til Henri Tore Viki om saka, han hadde hatt nokre kritiske spørsmål til hennar avgjerd om å byggje Ryfast, og eg meinte at han kunne spørje henne direkte. Men han var i Tyrkia, så han var avskoren frå å møte opp.

No gjorde det ikkje så mykje, for i løpet av dei minutta dette skjedde, dukka Tor Hallvard Mosdøl og Tarald Myrum opp og fortalde at besøket var utsett til hausten. Tarald Myrum skreiv: NB! NB! Kleppa kjem ikkje. Vitjinga både til Tokke og Valle vart avlyst fredag i førre veka på grunn av saker som måtte prioriterast på Stortinget. Dei inviterte skal ha blitt varsla frå Regionrådet. Ho kjem til hausten.

Eg undra meg jo litt over at Setesdølen ikkje hadde førehandsomtale av besøket i dagens avis, dei pleier jo å vere på hogget når det gjeld Riksveg 9, men ettersom eg sjekka heimesida til Setesdal Regionråd, der det stod at ho skulle kome, tenkte eg at ho nok kom, men det var altså avlyst.

Eg ville ikkje vore statsråd, dei har eit hektisk liv. Magnhild er fødd i 1948, ho dreg på åra og har vore på Stortinget sidan 1993. Eg synest ho gjer ein god jobb som samferdsleminister, så langt eg kan vurdere det, under dei villkåra som er sett for vegbygging her i landet, sjølv om eg nok meiner at dei villkåra burde vore endra og noko av oljepengane kunne vore investert i veg, det ville lønt seg betre samfunnsøkonomisk enn å investere dei i andre land. E39 er jo ikkje så mykje å skryte av mellom Kristiansand og Stavanger. Eg køyrer mellom Mandal og Kristiansand mest kvar veke, den fortener ikkje E-merket var det ein ekspert som sa på ein konferanse i Kristiansand nyleg. Det er eg samd med han i, for også den vegen har parti utan gul midtstripe i området ved Valand aust i Mandal. Vidare vestover frå Mandal er det slitsamt å køyre, det går ikkje lang tid før ein ligg bak vogntog utan å ha høve til å kome forbi. Så om ho klarar å finne ein måte å få fortgang i utbygging av vegane våre før ho går av, hadde det vore kjempefint.

Riksveg 9 er blitt utruleg mykje betre å køyre etter at utbygginga nord for Ose vart gjennomført. No står det att eit par viktige parsellar, så er vegen fram til Valle ordna med gul midtstripe på det meste av strekninga. Honnør til ordførarane våre som står på for å sikre pengar til denne viktige vegen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *