Meir orgelmusikk i NRK

Share

I dag las eg i Orgelspeilet. Det er eit blad som Det Norske Orgelselskap gjev ut. I årets første nummer var det referat frå årsmøtet i selskapet. Alle sakene gjekk unna i rekordfart, styret vart attvald, det same vart varamedlemmer og valnemnd. Kontingenten kunne ein halde på same nivå som tidlegare, det verka å ha vore plankekøyring.

Siste sak var Innkomne saker. Der var det brev frå Valle Radio sin orgelmedarbeidar (rett nok utan tilvising til Valle Radio) om at Det Norske Orgelselskap burde arbeide for å få meir orgelmusikk i NRK. I referatet heiter det så: Etter forslag fra Anders Hovind skal styret ta denne saken videre til Lytteforeningen for klassisk musikk. http://www.orgelselskapet.no/Arsmoteref2012.pdf

Det var ei forening eg ikkje hadde høyrt om før. Men Niklos sitt engasjement i saka om orgelmusikk i NRK har eg jo opplevd både i programma våre i Valle Radio og utanfor. I bilen når vi køyrer til Besteland etter sendingane, er det ofte tankar om klassisk musikk og særleg orgelmusikk i NRK som er tema i samtalane. Niklos noterer seg alt han høyrer og kan dokumentere at det er svært lite orgelmusikk i NRK no i høve til tidlegare. Det er mest slik at jo fleire kanalar NRK har fått, jo vansekelegare er det å finne orgelmusikk i eteren. Det har ført til at han leitar seg fram til Danmark for å høyre orgelmusikk i andakt og gudstenester, i Norge er orgelet nesten heilt borte, medan i Danmark held ein tradisjonen i hevd. Og så leitar han seg fram til tyske og nederlandske stasjonar som også sender orgelmusikk. -Tenk om vi kunne fått tilbake eit program som Klang i katedralen, seier han ofte. Der besøkte programleiaren ei kyrkje og vi fekk høyre korleis orgelet var og høyre orgelmusikk. No er det nesten bare Kåre Nordstoga som vert spelt i NRK, ofte same stykket kvar gong, og nestan aldri at ein får høyre heile stykket. Korleis kan folk finne glede i slik små kutt av eit større stykke?

Denne veka var det ein artikkel i Vårt Land om at no legg Norsk Musikkforlag ned platebutikken sin i Oslo. Der har Kjell Hillveg seld plater med klassisk musikk i over femti år, men no er det slutt. No er det bare att ein einaste platebutikk som bare sel klassisk musikk, den ligg i Sandnes. Framleis finn ein noko klassisk musikk saman med annan musikk nokre stader, men klassisk musikk har dårlege villkår.

Med entusiastar som Niklos med på laget kan Valle Radio halde fram med å ha ein halvtime med orgel- og kyrkjemusikk kvar veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *