Om å møte seg sjølv

Share

Når ein skriv leksikon både på Setesdalswiki og Wikipedia, hender det at ein møter seg sjølv. Det skjedde sist veke då eg skreiv inn overskriftene i eit Setesdølen frå 2007. Der var det eit lesarbrev som hadde fått overskrifta Den store dreparen i Kosåna, og eg tenkte eg ville finne ut noko om denne elva.

Så viste det seg at Wikipedia hadde ein artikkel om Kosåna, der ein artikkel i Setesdølen hadde vore brukt som kjelde. Eg sjekka historikken, og det synte seg at forfattaren var meg sjølv.

Kosåne er eit sidevassdrag til Mandalselva. Når ein køyrer frå Kjetså mot Sveindal, kjem ein til Bjørnekroa, og så må ein opp over eit nytt høgdedrag, der grensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder går. Vatnet ved Bjørnekroa er ein del av Kosåna-vassdraget, som startar i Åseral og renn ut i Mandalselva ved Foss nær Bjelland, kunne eg lese i den artikkelen.

I grunnen var det ein så god artikkel at eg kopierte han over til Setesdalswiki. Eg var nøgd med han, eg hadde skrive han sjølv. Men eit søk synte at det kunne skrivast langt meir, for 11. juni 2004 vart Kosåna teken inn i Verneplan for vassdrag. I samband med dette er det gjort ei rekke undersøkingar, så lenka nederst i artikkelen viser til mykje stoff som kan flettast inn. Det får kome etter kvart. Setesdalswiki veks i talet på artiklar, men og ved at artiklane vert større og meir utdjupande. Eg vil og prøve å få lagt inn kart i artikkelen, men då må eg ha koordinatar, og dei har eg ikkje fått heilt på plass enno.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *