På Setesdalsmuseet

Share

I går var det museumsver. Overskya, utrygt for regn. Så etter at eg hadde fått tilbake bilen frå Valle Bil & Maskin, tok vi turen til Rysstad. Det vart eit triveleg besøk. Eg tok ein ny runde i måleriutstillinga og såg litt meir på Setesdal sett med kunstnarauge. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge

Så fekk eg meg ein rundtur i Frå hest til hestekrefter – vinterferdsle i hei og utmark. Den har eg ikkje skrive om på Setesdalswiki enno. Men det er ti snøscooterar som er stilte ut. Kontrasten til kjelken som vart nytta for å dra høy fram frå heia er jo svært stor, men perspektivet og utviklinga i scootertradisjonen på 40 år er sanneleg og interessant å reflektere over. Og Knut Olav Tveit sin Bamse er sentral i mange bilete frå heieliv på Hegglandsheia. Den utstillinga har nok ført til at folk som ikkje elles er så ivrige museumsgjester tek turen innom. Så betalar dei 30 kroner for å sjå utstillinga av scooterar, men det vert vel som oftast til at dei svingar innom Kraftverksutstillinga i same romet, sjølv om den no er mange år gammal, er det mykje interessant å sjå der og. Så får ein med seg måleriutstillinga når ein går slik og sviv, og kan hende går ein opp på loftet og ser på bunadsutstillinga og den faste utstillinga av Hans Henrik Holm si skrivestove og. Då har ein sanneleg fått mykje interessant for inngangspengane.

Om ein er heldig, treffer ein kjentfolk på museet, eller ein kjem i snakk med folk ein ikkje kjende frå før. Det skjedde og i går, og utgangspunktet var at ho kjøpte bøkene til Reidar Tveito om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra_3 Då måtte eg helse på Gunnbjørg Michaelsen, fødd Åmli, heime frå Florida på årleg besøk. Ho ville ha med seg bøkene til Reidar tilbake til USA og når lysten på ein fjelltur vart sterk, kunne ho jo bla i bøkene og minnast gode turar til fjells.

Den ettermiddagen gjekk fort, museet hadde ope til klokka 17, og det var Randi Myrum som hadde vakt. Frå sundag 1. juli tek sommarguidane over for det faste personalet når det gjeld vakt og omvising. Det er i morgon. I dag er det Sentrumsfrukost i Valle, så eg trur eg avsluttar her og går ut i gråveret. Teltet er reist, så ein må vel slåss om sitjeplass under tak idag. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sentrumsfrokost_i_Valle_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *