Sommarutstilling på Setesdalsmuseet

Share

I morgon laurdag 9. juni 2012 er dagen då årets sommarutstilling opnar på Setesdalsmuseet. Klokka 14 helsar folka der velkomen til å sjå utstillinga om korleis folk har teke seg fram i skog og hei frå gamle dagar og fram til vår tid. Der vil ein kunne sjå familien til Knut Olav Tveit sin Bamse, og han ville kome frå Oslo for å vere med på opninga.

Vi hadde ein times program om utstillinga i Valle Radio i mai, då var Knut Olav med frå Oslo og Leonhard Jansen og Pål Dale var med i studio. Den timen gjekk fort, og eg er sikker på at dei som tek turen til Bjugsbakk på Rysstad vil finne mykje interessant å sjå på i den utstillinga. I Setesdølen i dag var det bilete av ein innlånt politisnøscooter, mange vil nok like å prøvesitje den, om det er mogleg å gjere det, då.

I tillegg er det ei måleriutstilling med bilete frå Setesdal. Dei er lånt inn frå den private samlinga til Sigurd Helle, han har samla på bilete med motiv frå Setesdal i eit langt liv. Begge utstillingane skal vere opne for publikum heile sommaren, og eg må nok vente til neste veke om eg skal få dei med meg, for eg er som vanleg i Mandal i helga.

Men eg vonar at mange tek turen innom på Setesdalsmuseet laurdag. Det er viktig med gode besøkstall for museet, så ei slik utstilling bør ein støtte opp om når ein får besøk i sommar, ta turen på museet og sjå utstillingane saman. Når mange kjem innom, gjev det inspirasjon til dei som står for kulturformidling på denne måten i Setesdal. I år burde utstillingane appellere til mange folk, også folk som ikkje så ofte går på museum. Å sjå snøscooterkulturen i samanheng kan sikkert gje aha-opplevingar for både unge og eldre.

I programmet i Valle Radio fortalde Pål Dale om den første tida scooteren kom til Valle, då hadde Røde Kors ein scooter som folk kunne leige (med sjåfør) når dei trong noko gjort på heia om vinteren. Den scooteren har det lukkast museet å få med på utstillinga, så her kan ein sjå mange slags scooterar som har vore i bruk. Om dei som var i bruk då hylstringar var aktive konkurransekøyrarar er med i utstillinga, veit eg ikkje, heller ikkje om premiane er med, men det er og ei side av denne kulturen.

Lukke til med utstillingane.

Her er lenke til museet si side om utstillinga i sommar. Siste del av teksten er kome med to gonger der, men det ordnar dei nok etter kvart.
http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=50

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *