Up above my head

Share

I kveld vart eg sitjande å sjå på kanal 10, som er ein kristen TV-kanal. Sundagskveldane har dei noko dei kallar Dansk aften, og der er det ofte Country Gospel med Bill Gaither. Han har jo produsert svært mange DVDar med kristen song og musikk og i kveld viste dei ein eldre Gaither Classics der ein av songane handla om at det er musikk over hovudet, ein må bare strekkje seg for å bli med i songen, den gjev næring til trua på at det er ein himmel ein stad,

Det er forunderleg med musikk, korleis den pregar dagleg liv i vår tid. Vi kan setje på radioen, og det går ikkje mange minutt før ein samtale vert broten av; -Vi må ha noko musikk. Eg likar ikkje det så godt, eg synest ein samtale godt kan fullførast utan heile tida å verte avbroten med musikk. Difor vil du ofte oppleve lite musikk når eg har programleiaroppgåve i Valle Radio. Men eg kan godt lage musikkprogram, og tysdagskveldane har eg hatt Sangkveld med ein time med sang og musikk, då er det musikken som er i fokus og ikkje samtalen.

Om vi går tilbake i tid, til den tida det ikkje var legio radiokanalar, var musikken ikkje så framtredande i radio. No verkar det av og til som om ein fyller eteren med musikk fordi ein ikkje har noko anna å fylle med, og det er jo i så fall forståeleg, sjølv om eg slit med å sjå korleis ein radiokanal som Sørlandssendinga med mange løna folk ikkje kan klare å lage verbale innslag i haugevis til å fylle opp sendeflata, men i staden lagar korte snuttar og så fyller ut med musikk.

Men tilbake til songen, som eg fann på YouTube med ein annan musikar: http://www.youtube.com/watch?v=JeaBNAXfHfQ Info om songen finn du på engelsk Wikipedia http://en.wikipedia.org/wiki/Up_Above_My_Head

Mannen som song den i kveld hadde vore med som korist for Elvis, og sjølv i høg alder viste han imponerande songglede, og etter kvart kom mange med i songen. For det er noko med song, den skaper fellesskap og engasjement, noko programmet var eit godt eksempel på. I klassen på skulen syng vi ein del, dei burmesiske elevane er glade i sang, og det øver opp evna til å lese ein tekst fort, det er ein metode som er brukt i språklæring på mange språk. Då eg lærte engelsk, tysk og fransk, måtte vi lære oss songar på alle språka.

Up above my head (up above my head)
I hear music in the air (I hear music in the air)

Så då er det bare å reise seg og bli med i koret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *