Ut på tur

Share

I dag gjekk turen til Valle via Kristiansand. Ettersom besøket i Kristiansand førte oss på austsida av Otra, valde vi å køyre om Vennesla og Iveland oppover til Kile. I Vennesla var det handledagar og mykje folk, men vi stoppa ikkje, gode tilbod kunne dei ha for seg sjølv. heller ikkje i Iveland stoppa vi, sjølv om arbeidet på Birketveit godt kunne vore verd ein stopp. Det vert fint der når utbygginga er ferdig.

Dåsnes var første stopp på turen. Eg hadde ikkje fylt bensin i helga, så no måtte eg ta til takke med bensin til 14,60. Med Coop-kort var det litt å spare, så eg hugsa på å bruke det. Vi hadde planlagt å kjøpe middag på Pernille, salatbordet der er ein sikker suksess saman med biffsnadder eller andre rettar dei legg til med salatbord. Reidun valde lasagne, men biffsnadder var stor og god, nesten så ein ikkje trong meir mat i dag. På Pernille kom og Aud Magne Helle innom, og då fekk vi ein hyggeleg prat i lag, det går lang tid mellom kvar gong vi treffer kvarandre no.

Eg stoppa likevel på Spisekroken. Heidi Ose er så triveleg å handle med at eg brukar å stoppe der, og i dag hadde ho alle brød til 20 kroner. Då let eg henne velje for meg. Men Napoleonskakene valde eg sjølv, så eg sparte ikkje noko på handelen i dag heller. -Skal bare ha eit brød til 20 kroner… Og så kjem ein ut med Napoleonskake til 2×40 i tillegg. Om det var prisen, kunne ein heller kjøpt brød på Coop til 25, men då fekk ein ikkje Heidi sitt vennlege smil på kjøpet. Og Napoleonskakene frå Moseid i Vennesla er kremgode!

Så gjekk turen vidare nordover i lettskya solskinnsver. Kvart på seks kom vi til Valle og kunne komplettere handelen på Joker før dei stengde for kvelden. Så vart det ein tur innom biblioteket, det var siste opningsdagen før sommarferien, så eg plukka med meg nokre bøker eg kunne bruke til moglege artiklar på Setesdalswiki. I kveld skreiv eg ein av dei, om Aasulv Austad, som var prest i Valle under 2. verdskrigen. Eg har ei liste over prestar i Valle på Setesdalswiki, og truleg kan det bli artiklar om nokre av dei i løpet av sommaren om inspirasjonen svingar innom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *