Toppturar

Share

I dag skreiv Reidar Tveito på moisund.com om ein tur han tok til Gaustatoppen måndagen. Du kan lese om det og sjå bileta her: http://www.moisund.com/2012/07/20/pa-tur-til-gaustadtoppen/

Bileta synte at det helst var kjølig, eg hadde nok nytta meg av jernbanen inne i fjellet i staden for å gå tre timar oppover i steinura om toppen hadde frista meg. I morgon vil han til eit anna fjell. Då står Vassdalseggi for tur. Det ligg på grensa mellom kommunane Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark og er med ei høgd på 1658 meter over havet det høgaste fjellet i Rogaland fylke.

Samstundes les eg at på Jordbærfestivalen i morgon skal det vere ei orientering om Ti toppar-opplegget som Otra IL organiserer i nedre Setesdal. Der kan ein kjøpe ein konvolutt med kart, og så går ein til ti toppar i løpet av ein sesong, som varer frå 1. januar til 15. desember, folk går på ski og til fots, det var seld 450 kart i år. Medan barn kan klare seg med fem toppar, må vaksne deltakarar ha alle.

Dei sprekaste let det gå sport i dette og, rekorden for å ta alle toppane på ein dag er nede i 12 timar og 35 minutt.

Sjølv sat eg og såg ein topptur frå Lysebotn til Ørnereiret på TV i går kveld. Der sprang Therese Johaug opp bakkane på rulleski som om ho hadde eld i baken, og dei franske skiløparane danka ut heile Norgeseliten i denne slitsame toppturen. Hyggeleg for deltakarane at det var så mange som tok turen for å sjå på og heie dei fram til målstreken. Og godt gjort av Aron Åkre Rysstad å bli nr. 3 i sin klasse på den styrkeprøven.

Mange står og rundt løypa og får eit glimt av Edvald Boasson Hagen og dei andre syklistane i Tour de France. Sjølv får eg med meg deler av rittet på TV om det høver og kan ikkje anna enn å la meg imponere over fart og spenning til siste sekund på eit ritt på over to hundre kilometer.

TV på sitt beste er topptur nok for meg.

Signalbygg

Share

Har vi ikkje signalbygg i Valle sentrum?

Den planen vi såg i Setesdølen for nokre dagar sidan ville ha eit signalbygg der Menighetshuset står. Det såg ut til at mykje skulle få plass der, om nokon med pengar ville byggje, då.

Men vi har jo opp til fleire signalbygg i Valle sentrum alt. Det siste tydelege signalbygget er Bergtun Hotell, som diverre står stengt i sommar, det var ikkje lønsamt å drive butikk og kafe der. Tina går frå bleie til pleie, tøybleier var ei gullgruve ei viss tid, men etter det eg skjønar, er den tida over og forretninga har måtta setje tæring etter næring. Slik er det vel med fleire aktørar, ein må setje tæring etter næring. Då vert det lite plass for ei satsing.

Gunnar Stubseid hadde eit innlegg i Setesdølen tysdag 17. juli 2012 side 8 der han kommenterte planane om opprusting av Valle sentrum. Han skreiv: Valle sentrum treng eit kulturhus som kan gje plass til mindre arrangement i sentrum, mindre festivalar og andre kulturelle tilskipingar. Her må det også vere serveringsmoglegheiter, og ei permanent måleriutstilling (m.a. samlinga til Valle Sparebank) og nytt bibliotek ville høve bra i eit slikt kulturhus.

Han peikar på noko viktig, nemleg at sentrum i Valle ikkje har noko godt anlegg for ulike samlingar. Det er for langt unna sentrum å satse på Spelestoga for småarrangement. Folk vil vere i sentrum når dei skal ut på kulturelle og kommersielle tiltak og helst bør dei kunne kombinerast. Det ser ein i satsinga på Ose, der alt skjer i gata mellom Coop og Turistheimen. Parkering bør og vere nært der det skjer. Det same ser vi på Evje, det meste skjer midt i sentrum.

Sentrum i Valle er på mange måtar ideelt til tilsvarande arrangement som det vi har sett på Ose. Men staden å møtast når regnet kjem, den manglar. Kan hende skulle signalbygget vore glasstak over heile gata i Valle, slik dei har laga i Bodø. Då hadde ein hatt eit naturleg rom å samlast i.

Opp og ned

Share

Produksjonen på Setesdalswiki går litt opp og ned denne sommaren. Medan eg i går skreiv om kunstnarane som har malt motiv frå Setesdal og undra meg på kor mange det er tale om alt i alt, vart det i dag bare å legge inn avisa.

Dagens skriving på Internett gjekk på Wikipedia. Der er det eit prosjekt på gang om å skrive inn dei som var nemnde i Hvem Hva Hvor med små artiklar i samband med at dei har fått stilling som statssekretær eller ambassadør eller noko anna fint. Det er eit prosjekt som har gått ei stund, år om anna er det emne for ein Ukens konkurranse på Wikipedia. Og så skriv vi litt i rykk og napp frå lista med røde lenker. I dag tok eg meg på tak og skreiv om tre personar i Hvem Hva Hvor for 1974. Det vart ikkje så lange artiklar, det er vanskeleg å finne mykje stoff om folk som var aktive før Internett si tid. Ein kan finne nokre linjer her og der, men som regel ikkje nok til å lage ein biografisk artikkel av noko omfang. Til dømes står det i ein artikkel om ein ambassadør at han har vore i Santiago de Chile og Lima, men truleg har han hatt ei rekke stasjoneringar rundt om i verda før han han kom så langt, men dei er vanskelege å finne på Internett, og å leite i trykte bøker krev at ein har dei tilgjengelege.

I grunnen er det same situasjonen i høve til Setesdalswiki. Å finne stoff nok til ein liten artikkel er ikkje så lett, så det går litt opp og ned med produksjonen. Om fleire var med og skreiv, ville nok produksjonen gå opp noko fortare, men det ser ut til å vere vanskeleg å dra med fleire i prosjektet om å binde saman Setesdal ved hjelp av eit nettleksikon. Vonleg kan hausten gje større engasjement att.

På Mandal folkebibliotek

Share

Å sitje på Mandal folkebibliotek ein måndag i juli skulle ein kan hende tru var ein roleg dag. Men det nye biblioteket i Buen kultursenter har eit jamnt sig av folk både i første og andre etasje. Reinhaldaren prøvde å vaske litt på karuselldøra i hovudinngangen, men det var helst vanskeleg å få gjort, ho måtte stadig vise folk til den vanlege døra ved sida av.

Sjølv sat eg der for å skrive tre artiklar om kunstnarar som har bilete på utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet i sommar. Eg hadde ambisjon om å skrive om alle, men det ser ut som eg får slite med dei tre siste. I dag kom det likevel tre artiklar:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Erik_Petri
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Laura_Hovland-Krohn
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Thoralv_Sundt-Ohlsen

Les artiklane og ta turen til Rysstad for å sjå bileta deira saman med alt det andre som er å sjå der.

Eg sat no der og bladde i leksikonet og då kom eg på fleire kunstnarar som og har malt motiv frå Setesdal. Eg lurer på om det finst ei liste over alle som har gjort det. I så fall hadde det vore ei interessant liste å ha som grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. Å samle artiklar om alle som har malt frå Setesdal kunne vore ei fin profilering. Kan hende kunne det verte ei ny utstilling av det eit seinare år.

Agder i nær fortid

Share

I dag lukkast det å finne Mandal folkebibliotek ope. Det ligg i Buen kultursenter og kan ikkje samanliknast med det biblioteket vi hadde i byen før i det heile teke. Ein kjem inn i barneavdelinga, eg trur det er fem meter under taket, og fakta og vaksenavdeling er i andre etasje. Den trappa var helst lenger enn trappa på Valle Vaksenopplæring, men eg kom meg no opp.

Først ville eg finne Norsk kunstnerleksikon for å sjå om det stod noko om dei kunstnarane som har bilete på Setesdalsmuseet i sommar. Eg manglar artiklar om Stein Omsted, M. Skaniz, Sig. Larsen, Erik Petri, Laura Hovland-Krohn og Th. Sundt-Ohlsen. Dei tre siste fann eg, men dei tre første ser ut til å vere vanskelege å finne noko om. Måndag tek eg med meg maskinen på biblioteket og prøver å lage noko om dei tre eg fann noko om. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge

Eg hadde og von om å finne bøkene I manns minne. I Agder i manns minne stod det at Jon Bjørgulvsson Rysstad hadde artikkel i bind to av desse bøkene, og sanneleg lukkast det bibliotekaren å finne det, så etter kvart vil eg utvide litt der og. I tillegg kom eg over Agder i nær fortid, som og var ei slik samling av tekstar frå vanlege folk. Her hadde og setesdølar skrive, så eg har laga ei lenke for å kunne skrive om den boka og.

Men dagen i dag var ein vakker dag i Mandal, så eg vart sitjande på leikeplassen utanfor Buen kultursenter saman med barnebarna og foreldrene deira. Dei tok seg ein sykkeltur til Mandal i dag og var innom på leikeplassen på Malmø, det må vere Norges flottaste leikeplass, før dei sykla over brua, kjøpte seg is og fann ei strand for å leike og bade. I dag var Tour of Norway for Kids i Mandal, det var mykje folk i Bryggegata, men dei stoppa ikkje der, stranda trekte visst meir. Strandlivet er ikkje noko for meg, så eg snudde heimover med bokfangsten min.

Så mykje skriving vart det likevel ikkje. I Fædrelandsvennen for i går var det ein artikkel om Solveig Ose, den danna grunnlag for ein artikkel om matgeneralen på Ose på Setesdalswiki, og det vart alt i dag. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Solveig_Ose

Drept av lynet og anna i manns minne

Share

I går skreiv Reidar Tveito ein artikkel om Sigurd Aanundson Hegland på Setsdalswiki. 23 år gamal vart han drepen av lynet då han var på tur innover Hegglandsheia mot støylen Grostøyl der familien låg på denne tida. Dagen var 6. juli 1889, så det var på denne tida av året, men det er 123 år sidan.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sigurd_Aanundson_Hegland

I 1897 kom det opp eit minnesmerke om hendinga på heia. Etter meir enn hundre år i ver og vind var det lite att av det, men i 2008 vart det sett opp eit nytt minnesmerke. Alt dette kan du lese om i artikkelen som Reidar Tveito skreiv. Klikk på lenka over, historia er interessant å lese og bileta er interessante å sjå.

Sjølv kom eg over boka Agder i manns minne ein dag her i sommar. Der var det seks personar frå Setesdal som fortalde. Ein av dei var Jon Bjørgulvsson Rysstad. Eg gjekk nokre dagar og funderte på korleis eg skulle få til ei lenke som kunne gje grunnlag for artikkel om boka. Då kom det eit bilete på Facebooksida Bilder av Bykle og Valle i gamle dager av han og anna og seks barn. Det var Linda Dale som la det ut, og dermed vart det ein ekstra spore til å få på plass ein artikkel.

Etter at eg hadde leita litt mellom dei nærare 3000 artiklane som no er på Setesdalswiki, kom det fram at han var mannen bak stevet Der æ so vent å vesteheio, som eg alt hadde artikkel om. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Der_%C3%A6_so_vent_%C3%A5_vesteheio Dermed hadde eg lenka eg kunne bruke, biletet kom på plass saman med artikkel som syner bøkene han gav ut. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Jon_Bj%C3%B8rgulvsson_Rysstad

I den artikkelen fekk eg og ei lenke til Agder i manns minne, så no er det artikkel om den boka og, med namn og sidetal på forfattarane frå Setesdal. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Agder_i_manns_minne

I føreordet står det at Jon Bjørgulvsson Rysstad sin tekst kom med i det eine av to landsband som vart gjevne ut. Men då eg ville på Mandal folkebibliotek i dag, kom eg for seint, dei stengde klokka 15 og eg kom ikkje der før klokka 16. Så det får eg ha til gode.

Mastergradsoppgåver og hovudoppgåver

Share

Etter at eg 30. juni lånte Leonhard Jansen sitt hefte Setesdalsbibliografi på Valle folkebibliotek, har eg fundert på korleis eg kunne bruke noko av stoffet der på Setesdalswiki. Han har laga ei oppstilling han kalla Hovudoppgåver mm og den fann eg svært interessant. Men ettersom den sluttar i 2003, tenkte eg at lista i våre dagar kunne utvidast med masteroppgåver, som er det dei kallar slike oppgåver no. I tillegg ville det vere naturleg å supplere lista med det som er kome til sidan 2003.

No er det eit problem at eg på langt nær har oversikt over alt som er skrive av hovudoppgåver og mastergradsoppgåver etter 2003, så eg treng hjelp frå deg som les dette. Om du finn noko på lista som manglar, kan du sende mail til meg, skrive ein kommentar her på bloggen eller gå inn og fikse det sjølv. Det siste er jo det beste, det er i wiki-ånd.

Eg tenkjer nok at det ligg mykje interessant stoff i mange av desse oppgåvene som ein kunne nytte til artiklar på Setesdalswiki. Men det vil nok ta tid før ein kjem så langt at ein kan bruke det. Men eg har alt fått ein respons på artikkelen. Det var om ei oppgåve i geologi, der mellom anna Melejuvet på vestsida av Byglandsfjorden var omtalt. Eg vonar det fører til at Setesdalswiki får ein artikkel om Mælejuvet, det er området der det engelske flyet fall ned under krigen, det som Knut Tveit henta stål til å lage munnharpa som Bjørgulv Straume spelar Luftslaget på.

Lenkene på Setesdalswiki bind saman heile databasen slik at ein kan gå frå den eine artikkelen til den andre. Ikkje mange av forfattarane har fått lenker enno. Det får kome etter kvart. Men lista kan vere ein start på noko som kan fungere som inspirasjon til å skrive etter kvart som tida går.

Løyndomsfulle Setesdal

Share

I dag var eg på leiting etter noko i bokhylla og plutseleg så kom eg over Olav Mosdøl og Arne Aas si bok Løyndomsfulle Setesdal. Ho kom ut i 2000, så ho er vel knapt på få i bokhandelen lenger, men om du ikkje sikra deg boka då ho kom ut, gjekk du glipp av noko. Framleis kan ho vel finnast i antikvariat, og i så fall bør du prøve å få tak i henne, ho høver godt til å liggje på salongbordet og bla i når regnet silar. http://www.setesdalswiki.no/wiki/L%C3%B8yndomsfulle_Setesdal

Eg måtte jo lage ein artikkel på Setesdalswiki om boka. Ettersom eg hadde artikkel om Olav Mosdøl (1937) frå før, der eg hadde med liste over bøker han har gitt ut, kunne eg lage lenke frå den. Så dermed vart det ein artikkel til i dag.

Eg har ikkje vore så produktiv i dag, i alle fall ikkje om ein reknar mange artiklar. Men artikkelen om Eivind Nielsen, kunstmålaren frå Haugesund med to bilete på Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012, var tross alt eit steg i rett retning. Målet mitt er å få på plass artiklar om alle desse kunstnarane, då vil du kunne slå opp og lese om kunstnaren medan du er på utstillinga på Setesdalsmuseet på Rysstad. Der er imidlertid litt vanskeleg å finne stoff om dei, så eg må nok ein tur på biblioteket og låne papirleksikon for å fullføre prosjektet mitt.

Framsida på Løyndomsfulle Setesdal har eit bilete frå Rygnestad. Laurdag skal det vere slåttedag der i regi av Setesdalsmuseet. Sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/14._juli_2012 for meir informasjon om det arrangementet.

Som du skjøner er bloggen prega av Setesdalsmuseet i sommar. Dei gjer ein strålande jobb med å fortelje om Løyndomsfulle Setesdal, og det er meir der enn ein skulle tru ved første møte. Så gjev deg tid til å studere bileta og samlinga av snøscooterar, bunader, Hans Henrik Holm si diktarstove og Løylandssamlinga, så får du ganske mykje informasjon om både fortid og notid i Setesdal.

Snøscooterutstilling på Setesdalsmuseet

Share

I dag fekk eg endeleg på plass artikkelen om snøscooterutstillinga på Setesdalsmuseet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fr%C3%A5_hest_til_hestekrefter_-_vinterferdsle_i_hei_og_utmark
Grunnen til det var at Ole Birger Lien hadde skrive ein artikkel om utstillinga i temaavisa som kom i Setesdølen fredag, Artikkelen heitter Frå hest til hestekrefter, og den gav kjelde for ein artikkel på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsmuseets_temaavis_2012

For å skrive leksikon treng eg kjelder, leksikon skal vere ein stad der ein kan finne stoff og samstundes få vite kor stoffet kjem frå. Artikkelen om utstillinga på Setesdalsmuseet har fått eit bilete teke av Reidar Tveito på opninga av utstillinga. Bilete er viktige i eit slikt nettleksikon, så eg er glad at Reidar hjelper med bilete når han er på eit arrangement.

Eigentleg kunne eg hatt artikkel om kvar scooter som er på utstillinga. Om eg får det til, vil nok kvile på om eg får informasjon frå museet. Eg har fått informasjon om Bamsen til familien Tveit, som prydar artikkelen til Ole Birger, så eg vonar å få til ein artikkel om den. Så får vi sjå kva meir som legg seg til rette.

Samstundes er det ei utstilling om Setesdal sett med kunstnarauge. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge Her hadde eg ambisjon om å skrive om alle kunstnarane, men det er framleis røde lenker i den artikkelen. Nokre av kunstnarane der er ganske så ukjende og då er det vanskeleg å finne stoff til artiklar.

I artikkelen til Ole Birger står det at det var mange fleire etter måten unge menneske til stades enn det som er vanleg ved slike høve. Eg lurer på korleis det har gått med besøkstalet på museet på Bjugsbakk desse første 10 dagane av juli samanlikna med fjoråret. Har besøkstalet auka, det var jo noko av grunnen til at utstillinga av snøscooterar vart sett opp.

Setesdalsbanen står

Share

I dag var det ein artikkel i Fædrelandsvennen om Reidar Tveito og boka hans om Setesdalsbanen: Setesdalsbanen 1896-1962 http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsbanen_1896-1962 Artikkelen tok mest ei heilside i avisa, så det var god reklame for ei albumbok som vi også har hatt program om i Valle Radio og som eg har omtalt på bloggen tidlegare.

I artikkelen kom det fram at boka, som var skriven i samband med at det er 50 år sidan banen vart lagt ned, var tenkt å bli seld til turistar som tek turen med banen om sommaren. Når no banen står, går det nok dårleg med salet. År om anna kom det nesten 30.000 besøkande til Grovane for å reise med banen, så ein stor marknad forsvann for boka.

Eg undra meg litt over tittelen som var sett på intervjuet: Full stans på 50-årsjubileet. det avslører etter mi meining at desken i Fædrelandsvennen har dårleg språksans, for markering av ei nedlegging er ikkje noko jubileum, eit jubileum er noko ein feirar for noko som lever og er i drift. Eg ser nok at ein kan feire 200 års jubileum for at ein person vart fødd, men det er sjeldan å finne at det vert kalla jubileum når ein minnast at ein person er død. Tilsvarande må det vel vere med ein jernbane. Det vil seie at i 1996 kunne Setesdalsbanen feire 100-årsjubileum, sjølv om den var nedlagt, men i 2012 kunne ein markere minnet om banen.

Tenk så flott det hadde vore å køyre ekstratog til minne om ekstratoga som gjekk då banen vart nedlagt! Og så strandar alt på det som i avisa vert kalla konflikt mellom partene. Partane er Stiftelsen Setesdalsbanen, som eig anlegget. Etter krav frå Kulturdepartementet er det Vest-Agdermuseet som er drivar av banen. Men det er medlemmene i Setesdalsbanens venneforening som har den jernbanefaglege kompetansen og kan stå for kjøring og vedlikehald, det kan ikkje konservatorane på museet noko om.

Det burde stått skandale!!! i artikkelen, for det er ikkje mindre enn ein skandale slik situasjonen er blitt i 2012.

Her er lenke til artikkelen, som er låst for dei som ikkje er abonnentar på Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/kultur/Full-stans-pa-50-arsjubileet-2253323.html