Agder i nær fortid

Share

I dag lukkast det å finne Mandal folkebibliotek ope. Det ligg i Buen kultursenter og kan ikkje samanliknast med det biblioteket vi hadde i byen før i det heile teke. Ein kjem inn i barneavdelinga, eg trur det er fem meter under taket, og fakta og vaksenavdeling er i andre etasje. Den trappa var helst lenger enn trappa på Valle Vaksenopplæring, men eg kom meg no opp.

Først ville eg finne Norsk kunstnerleksikon for å sjå om det stod noko om dei kunstnarane som har bilete på Setesdalsmuseet i sommar. Eg manglar artiklar om Stein Omsted, M. Skaniz, Sig. Larsen, Erik Petri, Laura Hovland-Krohn og Th. Sundt-Ohlsen. Dei tre siste fann eg, men dei tre første ser ut til å vere vanskelege å finne noko om. Måndag tek eg med meg maskinen på biblioteket og prøver å lage noko om dei tre eg fann noko om. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_sett_med_kunstnarauge

Eg hadde og von om å finne bøkene I manns minne. I Agder i manns minne stod det at Jon Bjørgulvsson Rysstad hadde artikkel i bind to av desse bøkene, og sanneleg lukkast det bibliotekaren å finne det, så etter kvart vil eg utvide litt der og. I tillegg kom eg over Agder i nær fortid, som og var ei slik samling av tekstar frå vanlege folk. Her hadde og setesdølar skrive, så eg har laga ei lenke for å kunne skrive om den boka og.

Men dagen i dag var ein vakker dag i Mandal, så eg vart sitjande på leikeplassen utanfor Buen kultursenter saman med barnebarna og foreldrene deira. Dei tok seg ein sykkeltur til Mandal i dag og var innom på leikeplassen på Malmø, det må vere Norges flottaste leikeplass, før dei sykla over brua, kjøpte seg is og fann ei strand for å leike og bade. I dag var Tour of Norway for Kids i Mandal, det var mykje folk i Bryggegata, men dei stoppa ikkje der, stranda trekte visst meir. Strandlivet er ikkje noko for meg, så eg snudde heimover med bokfangsten min.

Så mykje skriving vart det likevel ikkje. I Fædrelandsvennen for i går var det ein artikkel om Solveig Ose, den danna grunnlag for ein artikkel om matgeneralen på Ose på Setesdalswiki, og det vart alt i dag. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Solveig_Ose

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *