Mastergradsoppgåver og hovudoppgåver

Share

Etter at eg 30. juni lånte Leonhard Jansen sitt hefte Setesdalsbibliografi på Valle folkebibliotek, har eg fundert på korleis eg kunne bruke noko av stoffet der på Setesdalswiki. Han har laga ei oppstilling han kalla Hovudoppgåver mm og den fann eg svært interessant. Men ettersom den sluttar i 2003, tenkte eg at lista i våre dagar kunne utvidast med masteroppgåver, som er det dei kallar slike oppgåver no. I tillegg ville det vere naturleg å supplere lista med det som er kome til sidan 2003.

No er det eit problem at eg på langt nær har oversikt over alt som er skrive av hovudoppgåver og mastergradsoppgåver etter 2003, så eg treng hjelp frå deg som les dette. Om du finn noko på lista som manglar, kan du sende mail til meg, skrive ein kommentar her på bloggen eller gå inn og fikse det sjølv. Det siste er jo det beste, det er i wiki-ånd.

Eg tenkjer nok at det ligg mykje interessant stoff i mange av desse oppgåvene som ein kunne nytte til artiklar på Setesdalswiki. Men det vil nok ta tid før ein kjem så langt at ein kan bruke det. Men eg har alt fått ein respons på artikkelen. Det var om ei oppgåve i geologi, der mellom anna Melejuvet på vestsida av Byglandsfjorden var omtalt. Eg vonar det fører til at Setesdalswiki får ein artikkel om Mælejuvet, det er området der det engelske flyet fall ned under krigen, det som Knut Tveit henta stål til å lage munnharpa som Bjørgulv Straume spelar Luftslaget på.

Lenkene på Setesdalswiki bind saman heile databasen slik at ein kan gå frå den eine artikkelen til den andre. Ikkje mange av forfattarane har fått lenker enno. Det får kome etter kvart. Men lista kan vere ein start på noko som kan fungere som inspirasjon til å skrive etter kvart som tida går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *