Opp og ned

Share

Produksjonen på Setesdalswiki går litt opp og ned denne sommaren. Medan eg i går skreiv om kunstnarane som har malt motiv frå Setesdal og undra meg på kor mange det er tale om alt i alt, vart det i dag bare å legge inn avisa.

Dagens skriving på Internett gjekk på Wikipedia. Der er det eit prosjekt på gang om å skrive inn dei som var nemnde i Hvem Hva Hvor med små artiklar i samband med at dei har fått stilling som statssekretær eller ambassadør eller noko anna fint. Det er eit prosjekt som har gått ei stund, år om anna er det emne for ein Ukens konkurranse på Wikipedia. Og så skriv vi litt i rykk og napp frå lista med røde lenker. I dag tok eg meg på tak og skreiv om tre personar i Hvem Hva Hvor for 1974. Det vart ikkje så lange artiklar, det er vanskeleg å finne mykje stoff om folk som var aktive før Internett si tid. Ein kan finne nokre linjer her og der, men som regel ikkje nok til å lage ein biografisk artikkel av noko omfang. Til dømes står det i ein artikkel om ein ambassadør at han har vore i Santiago de Chile og Lima, men truleg har han hatt ei rekke stasjoneringar rundt om i verda før han han kom så langt, men dei er vanskelege å finne på Internett, og å leite i trykte bøker krev at ein har dei tilgjengelege.

I grunnen er det same situasjonen i høve til Setesdalswiki. Å finne stoff nok til ein liten artikkel er ikkje så lett, så det går litt opp og ned med produksjonen. Om fleire var med og skreiv, ville nok produksjonen gå opp noko fortare, men det ser ut til å vere vanskeleg å dra med fleire i prosjektet om å binde saman Setesdal ved hjelp av eit nettleksikon. Vonleg kan hausten gje større engasjement att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *