Utstillingane på Setesdalsmuseet

Share

Fredag i sist veke hadde eg ein hyggeleg ettermiddag på Setesdalsmuseet. Då sikra eg meg utfyllande informasjon til den faste utstillinga deira, So gjekk me kledde i Råbyggjelaget. I dag fekk eg laga artikkel på Setesdalswiki om utstillinga. Biletet som eg brukar i artikkelen er svart/kvitt, same biletet er handkolorert i utstillinga. Den er verd dei 30 kronene det kostar å gå inn, og så får du sjå alt det andre for same prisen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/So_gjekk_me_kledde_i_R%C3%A5byggjelaget

Eg utvida artikkelen som Setesdalswiki hadde om Setesdalsmuseet og då vart det ein del røde lenker. Dei vil eg prøve å gjere blå etter kvart, men når ein skal skrive leksikon, må ein ha noko å skrive etter. Kjelder er vesentlege for eit leksikon, ein kan ikkje skrive frå hovudet.

I dag la eg ut lenke til Så gjekk me kledde i Råbyggjelaget på Facebook. Ofte kjem då nokon og trykkjer «liker» og det er jo ei oppmuntring til å skrive meir for kvar gong nokon trykkjer liker. I dag trykte Leonhard Jansen og Knut Olav Tveit på knappen og Knut Olav hadde ein kommentar: -Du så vel til at Bamsen hadde det bra, når du først var der?

Det kunne eg bekrefte, Bamsen hans er utstilt i scooterutstillinga saman med flotte bilete frå livet Bamsen hadde med familien Tveit på Hegglandsheia. Men eg har ikkje hatt stoff til å skrive om scooterutstillinga, for stoffet heng som plakatar på veggene, det er ikkje noko å ta med seg slik som det er på Setesdal i biletkunsten og på draktutstillinga. Men då kom Leonhard inn og sa han skulle sende stoff i morgon når han kom på kontoret, og Knut Olav ville også sende noko, så no trur eg at eg skal få til ein artikkel om den utstillinga og.

Eg trur jo at jo fleire artiklar det er om utstillingane på Setesdalsmuseet, jo betre er det for museet, kan hende det til og med kjem fleire innom for å sjå utstillinga. Om du går innom, så kan du jo skrive i gjesteboka der og seie at det var artiklar på Setesdalswiki som inspirerte deg til å ta turen. Sjølv gløymde eg å skrive i gjesteboka då eg og Reidun var der 29. juni, det var så hyggeleg å prate med John Melhus og Randi Myrum at tida gjekk så alt for fort den dagen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *