Konsmo er verd eit besøk

Share

Som eg skreiv i går, gjekk turen denne veka opp Audnedal. Kommunesenteret Konsmo er, som namnet seier, ein mo. Vegen er lang og bein, ein kan nok tenkje seg at folk frå dei indre bygder køyrer fortare enn godt er på ein slik veg, men vi, som var turistar, tok det med ro.

-Skal vi stoppe på Barnevandrersenteret? spurde eg. Eg hadde alt antyda at eg ville fylle bensin, så då sa passasjerane i bilen at dei meinte at det var nok å stoppe ein stad, altså på bensinstasjonen, som var kombinert med ein Spar-butikk. Den hadde og post i butikk, så då eg kom inn og skulle betale, var det naturleg å vende seg til den første kassen, altså post i butikk, men ei vennleg jente meinte eg fekk bli med over til kasse nummer to, for den var for Esso.

Ettersom vi var svoltne, gjekk vi innom Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori. Det var ei hyggeleg oppleving. Ei vennleg jente lånte ut nøkkel til toalettet, og det var prima kvalitet. Minestronesuppe med rundstykke til 35 kroner let seg høyre og smakte fortreffeleg, stor suppeskål var det og. Eit kakestykke og kaffi toppa opplevinga, så vi var styrkte og klare for ein ny etappe etter ein halvtime der. Det høvde godt å kjøpe eit grovbrød og nokre rundstykke og bollar å ta med seg. Bollane vart niste på resten av turen, det øvrige var og godt, men måtte vente til vi var heime att.

Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori har eiga heimeside. Sjekk den ut og gå innom når du er på dei kantane, det er vel verd eit besøk.

 

Regn som velsigning

Share

Dei fleste vil jo ha sommar og sol, litt god temperatur og opphald. Difor var det ei overrasking å høyre barnebarnet Håkon på 10 år ein kveld han såg vermeldinga etter Dagsrevyen: -Ja! Det blir regn. Da kan jeg se OL på TV hele dagen.

Utanfor hos oss står ei eng som ikkje vert slegen i år. Etter alt regnet er ho for våt til å få sjølv ein liten traktor ut på jordet, og då det var turt der, køyrde han som slår for oss i stykker slåmaskina og måtte få nokre deler. Før dei kom, kom regnet, så no får nok resten stå til neste år.

I går skreiv eg om ein tur opp Audnedalen på min andre blogg, den som eg etter kvart skal flytte over til, http://blog.setesdalswiki.no/ Då vi forlet Konsmo, som jo er kjent for å vere den våtaste staden på Agder, var det sol, men bare fire fem kilometer nordover, kom noko av det verste regnveret eg har vore ute i. Så kom vi forbi Byremo og nordover til Håland, då letta det att.

I dag reiste Rønnaug og Nikolai tilbake til Nittedal. Dei tok tog frå Marnardal, saman med Helge, som skulle til Oslo. Då vi starta i Mandal, regna det ganske så sterkt, men oppover mot Marnardal vart det mest heil opplett, men medan vi stod og venta på toget, kom det ei byge. Rart at ikkje NSB har eit halvtak som vi kan stå under medan vi ventar på toget i regn. Det er eit venterom der, men særleg på sommarstid er det jo like greitt å stå ute nokre minutt og vente på toget. Men når regnet ausar ned, er det ikkje greitt. Vi fann oss eit sykkelskur og stod under halvtaket som var sett opp for syklane. Eit langt godstog var på veg vestover og venta på austgåande tog der, det likte Nikolai på tre år å sjå på. Men plutseleg rulla Oslotoget inn på stasjonen. På eitt minutt skulle folk av og på, og snart var ferien slutt for både mine folk og andre.

Turen nedover Mandalen gjekk greitt, regnet var blitt meir til dryss og snart var eg heime på Eskeland att. Der sat to barnebarn i sofaen og gledde seg over TV, OL eller Disney Channel, det veksla litt, men ingen av dei hadde lyst å tenke på at dei kunne vore ute.