Sommar på hell

Share

Ein fin sommarsundag, denne augustsundagen. Men sommaren er på hell, dei melder om kø på vegane mot Oslo, og trafikken på Tregdevegen har stilna noko, verkar det som. Denne sundagen hadde vi besøk av Reidun sin onkel til kaffi, og vi fekk ein time der vi kunne sitje ute i solskin på den vesle terrassen vår. Barnebarna våre som er på besøk var nøgde med is og banankake før dei sprang inn for å sjå Manchester United mot Vålerenga. Det går mykje i OL desse dagane, med litt avveksling til Disney Channel, det er nokre kanalar dei ikkje har heime, så dei nyttar høvet som best dei kan. Denne veka er ikkje mor deira her og held eit strengt regime med skjermtid, så Håkon har i tillegg til spel og TV, skrive om Pilgiftfrosk og Pisketrost på Wikipedia med litt hjelp frå morfar. Men komande veke er den siste før førebuingane til skulestart hentar dei heim til Nittedal att.

Sjølv skreiv eg ein artikkel om spelemannen Halvdan Furholt på Setesdalswiki i dag. Den var basert på ein artikkel i Setesdølen, men så fann eg ei bok frå 1972, Feleljom frå dalom, der det var ein artikkel om han. Det hjelpte godt, når ein skriv leksikon, må ein ha noko å gå ut frå. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Halvdan_Furholt

Det vart og ein artikkel om boka eg brukte, den hadde mange spelemenn omtalt, så eg kan nok finne stoff til fleire artiklar der om det høver slik: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Feleljom_fr%C3%A5_dalom

Slik går no dagane medan sommaren er på hell. No må vel Ørnulf til å lage lista over kven som skal ha ansvar for programma i Valle Radio til hausten, det er bare fire veker, så rullar dei i gang att.