Planlegging

Share

I morgon er det planlegging av hausten for staben i Valle Radio. Ørnulf har sendt ut innkalling til å møte på Sølvgarden klokka 18, og etter planlegginga vert det felles middag. På denne måten kan alle i staben kome med innspel om korleis hausten skal verte, og så vil ein ha eit godt grunnlag for det som skal skje utover. Sesongen startar opp i september, og det er snart bare to veker til.

Valle Radio vil vere aktuell, så eg trur ikkje det er mange av oss programleiarar som har laga program i sommar, sjølv om det har vore mange arrangement ein kunne laga program om. Planlegginga skjer helst frå veke til veke, i alle fall har det vore slik til no. Kan hende vil opplegget i morgon gje høve til meir langsiktig planlegging, med tema for program ein har lyst å lage i løpet av hausten.

Uansett korleis ein legg det opp, det er strålande at folk vil skape nærradio også komande haust. Det skjer mykje i nærmiljøet, så det bør vere råd å få til gode program både tysdagar og onsdagar om ein umakar seg litt. Både programleiarar og intervjuobjekt bør gjere det, om det skal lukkast. Difor skulle eg ønske at folk som blir spurde om å vere med i radioen, svara ja og stilte opp når det var bruk for dei. Eg veit nok at det ikkje alltid er slik, men eit ønske kan ein jo ha.

Sjølv er eg glad for samarbeidet med Norea Radio som eg har hatt tysdagskveldane. Det gjev oss opning mot kyrkje- og kristenliv også utanfor Setesdal, og det kan vere av interesse for mange. Også i Valle er det mange som fylgjer med på Visjon Norge og dei kristne kanalane på TV. Norea syner ei noko anna side av kristenlivet og ein kan vel seie at også det har mange sider som kan speglast på ulike måtar.

Vel møtt til ein ny radiosesong.

Dysleksi

Share

I dag stod eg opp tidleg og sette meg framom TV for å sjå Promised Land. Epispoden Book Worm handla som vanleg om familien Greene, denne gongen om mor i huset, som er blitt vikarlærar og møter ein gutt med dysleksi. Faren vil ikkje at sonen skal gå på skulen meir, men gjennom episoden ser vi ei utvikling som endar med at både far og son startar lesetrening.

Promised Land, les eg på Wikipedia, er ein serie på 69 episodar som fylgjer familien som legg ut på tur i USA etter at familiefaren vart arbeidsledig. Dei bur i ei campingvogn og episodane syner hendingar i livet deira. eg har lagt merke til at det er same folka bak denne serien som bak En engel i blant oss, av og til dukkar englefolka opp, og Wikipedia stadfestar det. Promised Land startar på kanal FEM ved sjutida, så nå når skuleferien er slutt, vert det nok slutt på å sjå på dette. Men eg har opplevd det som interessant å sjå desse episodane nokre morgonar, og dagens episode minna meg om utfordringane lærarar har i møte med unge med lærevanskar.

No startar eit nytt skuleår. Eg vonar at det vert godt for både elevane og lærarane.