Gatekjøkken på Honnevje

Share

I dag tok eg turen til Honnevje rasteplass for å sjå på det nye gatekjøkkenet som har kome der. Det var i kveldinga, i sjutida, og det var duskregn, så det var ikkje så innbydande som det kunne vore i kveldssol. Men det stod tre-fire bubilar parkert på rasteplassen, og på steinane i elva var det, til tross for regnet fem, seks personar som fekk nærare oppleving av vatnet i Otra.

Det er Erna og Will som står bak gatekjøkkenet, dei som dreiv Esso i Valle ein periode. Will helsa meg varmt velkomen med eit handtrykk og presenterte menyen for meg. Det vart ein enkel hamburger med drikke og eit beger is til dessert, og så fekk eg vente ved eit rastebord medan han gjorde klar maten. Å vente ved eit rastebord i yr er ikkje heilt det same som når det ikkje regnar, men maten var fort ferdig, så eg takka for meg og køyrde heim for å ete denne kvelden.

Å få til eit tilbod om mat på ein rasteplass burde jo vere noko som kunne løfte tilbodet til vegfarande i kommunen. Det måtte ein nederlandsk initiativtakar til for å få i stand eit slikt opplegg, han har ope frå 10 til 20, og sjølv om ein kom seint i gang, det var vel sist i juli, har det vore dagar med jamnt tilsig av kundar. -Sundag vart vi heilt utselde for is, fortalde Erna, som gjerne tek turen nord til Honnevje for å halde mannen med selskap på jobb.

Etter det eg har lese i Setesdølen, var ikkje initiativet så velsett i dei kommunale kontora, som var redde for at det vesle gatekjøkkenet skulle ta trafikk og handel frå sentrum i Valle. I dag gjorde det det. Eg kunne kjøpt min hamburger på Esso. Men dei fleste kundene er nok folk som ikkje hadde svinga innom sentrum, så kan hende er den vesle stoppen dei får på Honnevje den einaste stoppen i kommunen. For øvrig var det godt med folk i sentrum i dag, helst fullt på alle parkeringsplassane ved middagstid.

PS:
Eg har fått ein kommentar om at eg bør nemne at Ron van Driel, mannen til Anna van Driel, har jobba mykje med å få til gatekjøkkenet. No er det gjort, men det var Erna og Will eg møtte der då eg var innom.